Strange Days

Strange Days
Studioalbum av The Doors
Språkengelsk
Utgjeve25. september 1967
InnspeltMai til august 1967
StudioSunset Sound Recorders (Hollywood i California)
Sjanger
Lengd35:25
SelskapElektra
ProdusentPaul A. Rothchild
The Doors-kronologi 
The Doors
(1967)
Strange DaysWaiting for the Sun
(1968)


Singlar frå Strange Days
  1. «People Are Strange»
    Utgjeve: September 1967
  2. «Love Me Two Times»
    Utgjeve: November 1967

Strange Days er det andre studioalbumet til det amerikanske rockebandet The Doors, gjeve ut 25. september 1967 på Elektra Records. Albumet vart ein kommersiell suksess, selde til platinaplate og nådde tredjeplassen på Billboard 200-lista. Albumet inneheld topp 30-singlane «People Are Strange» og «Love Me Two Times».

Innspeling

Strange Days vart spelte inn i pausar på turneen deira mellom mai og august 1967 i Sunset Sound Recorders i Hollywood, der dei hadde spelt inn debutplata. I motsetnad til innspelingane i 1966, nytta produsenten Paul A. Rothchild og lydteknikaren Bruce Botnick den nyaste 8-sporsopptakaren. Den lange innspelingsperioden gjorde at bandet kunne eksperimentere i studio og ytterlegare forsterke dei utanomjordiske lydane med uvanlege instrument og manipulering av lyd. I følgje Botnick vart bandet inspirert til å gjere dette etter å ha fått tak i ei tidleg utgåve av The Beatles-albumet Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band og «totalt flippa ut» av det dei høyrde. Botnick sa at The Doors var fast bestemt på å følgje dømet til Beatles og prøve seg på «nye innspelingsteknikkar. Ingenting skulle haldast attende.»[1]

Tittelsporet vart utvikla med hjelp av Paul Beaver og var ein av dei aller første gongane ein Moog synthesizer vart nytta i rockesamanheng. På Morrison-diktet «Horse Latitudes» tok Botnick kvitstøy frå ein lydbandopptakar og varierte snøggleiken ved spole han fram manuelt, noko som fekk lyden til høyrast ut som vind, medan bandet spelte forskjellige instrument på uvanlege måtar. I tillegg vart varierande snøggleik nytta til å skape forskjellige klangar og effektar.[2] Bandet utforska òg musique concrète-teknikkar på albumet.[1]

Studiomusikaren Douglass Lubahn spelte bass på albumet.[3]

Komposisjon

Fleire av songane på Strange Days vart skrivne på same tida som songane på The Doors. To songar («My Eyes Have Seen You» og «Moonlight Drive») vart blitt spelt inn som demoar i 1965 på Trans World Pacific Studios før Krieger kom med i gruppa. Sistnemnde hadde faktisk blitt laga av Morrison før han vart sameint med Manzarek att sommaren 1965.[4] Sjølv om dei prøvde å spele inn songen to gonger for debutplata, vart ingen av versjonane rekna som bra nok. Med eit vanleg bluesarrangement skilde «Moonlight Drive» seg ut med ein litt utradisjonell rytme og flaskehalsgitaren til Krieger, som skapte ein skummel lyd.[5]

Den første singelen frå albumet, «People Are Strange», vart komponert tidleg i 1967 etter Krieger, trommeslagaren John Densmore, og ein deprimert Morrison hadde gått til toppen av Laurel Canyon.[6] Densmore skreiv om skriveprosessen i boka hans Riders on the Storm. Densmore og Krieger, som hadde delt leilegheit, vart vitja av ein nedslått Morrison, som oppførte seg «djupt deprimert.» Densmore føreslo at dei tok seg ein tur langs Laurel Canyon. Morrison kom attende frå turen «euforisk» med det første tekstutkastet til «People Are Strange».[7]

Sjølv om det var Morrison som var den fremste tekstforfattaren i bandet, skreiv Robby Krieger fleire av dei tidlegaste hitsinglane deira, der den første var «Light My Fire». I følgje bandmedlemmane var den bluesaktige songen hans «Love Me Two Times» om ein soldat eller sjømann den siste dagen med kjærasten sin før han drog ut att, tilsynelatande i krig. Manzarek skildra songen som «Robby sin store bluesrockklassikar om begjær og tap, eller mangfaldige orgasmar, eg er ikkje sikker på kva det er.» I 1997 sa Krieger til Guitar World at den musikalske ideen for «Love Me Two Times» kom frå eit lite parti på eit Danny Kalb-album. Manzarek spelte den endelege versjonen av denne songen på ein cembalo, ikkje eit clavichord. Manzarek skildra instrumentet som «eit særs elegant instrument ein vanlegvis ikkje assosierer med rock and roll.»[8] Han vart korta ned til 2:37 og gjeven ut som den andre singelen deira (etter «People Are Strange») frå albumet, og nådde 25. plassen på singellista i USA.[9] «Love Me Two Times» vart rekna som noko vågal for radio, og vart bannlyst i New Haven fordi han var «for kontroversiell». Dette sjokkerte bandet.[7]

Albumet vert avslutta med den 11 minuttar lange, episke «When the Music's Over».

Plateomslag

Plateomslaget vart designa av William S. Harvey og fotografert av Joel Brodsky.[10] Bilete vart teke i Sniffen Court, ei bakgate i New York City. Jim Morrison nekta å vise seg på omslaget, så fotograf Joel Brodsky valde å ta eit sirkus-liknande bilete. Dei fleste karnevala var ute på turné denne sommaren, så det var vanskeleg å finne profesjonelle sirkusartistar. Akrobatane der var dei einaste han kunne finne, den kortvaksne Lester Janus og den yngre broren (ikkje tvillingar) Stanley Janus (som er på baksida) vart hyrte inn frå eit skodespelarfirma, sjongløren var assistenten til Brodsky og trompetisten var ein drosjesjåfør, medan sirkusatleten var ei dørvakt på ein klubb. Eit gruppebilete av bandet finst på ein plakat i bakgrunnen, med bilettekst av bandet og albumnamnet. Men fordi det var litt vanskeleg å sjå artistnamnet og albumtittelenen hadde dei fleste platebutikkane eit klistremerke over som tydelegare viste kva og kven si plate det var.[11]

Utgjeving

Strange Days kom ut 25. september 1967 på Elektra Records. Sjølv om albumet vart ein ein ganske stor suksess og nådde tredjeplassen på albumlista i USA i november 1967 og låg inne på lista i 63 veker, vart verknaden av albumet svekt av den store suksessen til debutalbumet, som framleis låg på topp 10 over ti månader etter det kom ut. I alt låg det 122 veker på lista. I følgje produsenten Paul Rothchild, «Vi meinte alle at det var det beste albumet. Det hadde derimot òg eit av dei svakaste salstala. Vi var sikre på at det kom til å bli større enn noko The Beatles hadde gjort. Men det var ingen singlar. Plata døydde frå oss.».[12]

Mottaking

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic [13]
Down Beat [14]
MusicHound3.5/5[15]
Q [14]
Rolling Stone(positiv)[16]
The Rolling Stone Album Guide [17]
Slant Magazine [18]
Virgin Encyclopedia of Popular Music [19]

Musikkritikaren Robert Christgau kalla albumet «muskulært men misdanna» i ei melding i mai 1968 for Esquire, men skreiv vidare at The Doors hadde kome «frå ingenting til å regjere som den tyngste gruppa i Amerika».[20] Rolling Stone Magazine meinte at albumet «har all krafta og energien frå den første plata, men er meir subtilt, meir intrikat og meir effektivt» og hevda at «heile albumet, individuelle songar og særskild det siste sporet er konstruert i fem delar som ein tragedie. Som eit gresk drama veit du når musikken er over fordi det er ei reinsing.»[21]

Ettermæle

Kritikarar har rangert albumet høgt. I 2003 vart Strange Days oppført på 407. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene. I 2007 tok Rolling Stone albumet med på lista si over «Dei 40 essensielle albuma frå 1967».[22] I 2007, i høve 40-årsjubileumsutgåva til albumet, meinte Sal Cinquemani i Slant Magazine at «medan The Doors hadde fleire, meir opplagde toppar, er det rare Strange Days eit meir ambisiøst, sameint verk. Det er færre fyllmateriale og kvar song ber like mykje vekt som den før og etter» og kalla det «eit dokument av ei stundom vakker, stundom skremmande, og ofte forvridd periode av frykt og idealisme.»[23]

Somme kritikarar meiner det ikkje heilt når opp til føregangaren. I meldinga for AllMusic skreiv Richie Unterberger: «Mange av songane på Strange Days var skriven samstundes som dei på The Doors, og i ettertid får ein kjensla av at dei beste songane alt var blitt plukka ut for debutalbumet. Det andre albumet er derfor ikkje like konsistent makelaust som debuten, men er likevel eit særs bra framhald frå det klassiske albumet deira.»[4]

Innhald

Alle songar er skrivne av Jim Morrison, Robby Krieger, Ray Manzarek og John Densmore.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Strange Days»3:11
2.«You're Lost Little Girl»3:03
3.«Love Me Two Times»3:18
4.«Unhappy Girl»2:02
5.«Horse Latitudes»1:37
6.«Moonlight Drive»3:05
Side to
Nr.TittelLengd
7.«People Are Strange»2:13
8.«My Eyes Have Seen You»2:32
9.«I Can't See Your Face in My Mind»3:26
10.«When the Music's Over»10:58
Bonusspor på 40-årsjubileumsutgåva
Nr.TittelLengd
11.«People Are Strange» (med falsk start og studiodialog)1:57
12.«Love Me Two Times»3:19

Medverkande

Andre musikarar
  • Douglas Lubahn – bassgitar på spor 1, 2, 3, 6, 7, 8, 9
Teknisk

Salslister

Album

Liste (1967)Plassering
US Billboard 200[25]3

Singlar

ÅrSingelListePlassering
1967«People Are Strange»
B-side: «Unhappy Girl»
Pop Singles12[25]
1967«Love Me Two Times»
B-side: «Moonlight Drive»
Pop Singles25[25]

Salstrofé

RegionSalstroféSalstal
Canada (Music Canada)[26]Platina100 000^
Frankrike (SNEP)[27]2× Gull200 000*
Tyskland (BVMI)[28]Gull250 000^
Storbritannia (BPI)[29]Gull100 000^
USA (RIAA)[30]Platina1 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder

Bakgrunnsstoff