Stop Stop Stop
- Artikkel
- Diskusjon
Stop Stop Stop Singel av The Hollies frå albumet For Certain Because | ||
B-side | «It's You» | |
---|---|---|
Utgjeve | 7. oktober 1966[1] | |
Innspelt | 20. juni & 17. august 1966, EMI Studios, London | |
Sjanger | Poprock, folkrock, psykedelisk pop | |
Lengd | 2:47 | |
Selskap | Parlophone | |
Låtskrivar(ar) | Allan Clarke, Tony Hicks, Graham Nash | |
Produsent | Ron Richards | |
The Hollies-kronologi | ||
«After the Fox» (September 1966) | Stop Stop Stop | «On a Carousel» (Februar 1967)
|
«Stop Stop Stop» er ein song av den britiske popgruppa The Hollies[2] som var skriven av gruppemedlemmane Allan Clarke, Tony Hicks og Graham Nash. Songen vart omskriven av ein tidlegare song av gruppa. Han kom først ut på singel og seinare på albumet For Certain Because i Storbritannia.
Songen vart gjeven ut på singel av Parlophone i oktober 1966[3] og kom ut omtrent samstundes i USA av Imperial Records. Det var den siste singelen The Hollies gav ut det ret og han vart ein stor hit verda over. Singelen nådde Topp 10-lista i åtte land og gjekk heilt til topps i Canada og Sverige.[4]
«Stop Stop Stop» var ei omskriving av songen «Come On Back», som kom ut som B-side til songen «We're Through» i september 1964. «Come On Back» var òg skriven av Clarke, Hicks og Nash, men då under pseudonymet L. Ransford, som dei tre brukte fram til 1966.[3]
«Stop Stop Stop» er kjend for å vere ein av få innspelingar av gruppa der Tony Hicks spelar banjo, og var den einaste songen med det instrumentet som vart spelt på konsertane til bandet.[5] Som dei fleste andre songane av gruppa, syng Clarke, Hicks og Nash ein trestemt vokal. Songen vart spelt inn i Abbey Road Studios i London i England og produsert av Ron Richards.
Liste (1966) | Plassering |
---|---|
Australia (Go-Set)[6] | 11 |
Canadian Top Singles[4] | 1 |
Tyskland (Media Control AG)[7] | 4 |
Nederland (Mega Single Top 100)[8] | 5 |
Noreg (VG-lista)[9] | 4 |
Sverige (Kvällstoppen)[10] | 4 |
UK Singles (Official Charts Company)[11] | 2 |
US Billboard Hot 100[12] | 7 |