Stjerna Castor

Castor (α Gem, α Geminorum, Alfa Geminorum) er den nest mest lyssterke stjerna i stjernebiletet Tvillingane og ei av dei mest lyssterke stjernene på nattehimmelen. Sjølv om ho har Bayer-nemninga «alfa», er ho faktisk svakare enn Beta Geminorum (Pollux). Castor ligg 49,8 lysår frå jorda.

Castor

Plasseringa tilCastor within the Gemini Constellation.
Observasjonsdata
Epoke J2000      Ekvinoks J2000
StjernebileteTvillingane
Rektascensjon07h 34m 35.87319s[1]
Deklinasjon+31° 53′ 17.8160″[1]
Tilsynelatande storleiksklasse (V)1.93 / 2.97[2]
Karakteristikk
SpektralklasseAm + A1V
U−B fargeindeks0.02
B−V fargeindeks0.04
Astrometri
Eigarørsle (μ) RA: –191.45[1] mas/år
Dek.: –145.19[1] mas/år
Parallakse (π)64.12 ± 3.75[1] mas
Avstand51 ± 3 ly
(15,6 ± 0,9 pc)
Detaljar
Masse2.76[3] M
Radius2.4[4] R
Overflategravitasjon (log g)4.2[4] cgs
Temperatur10,286[5] K
Metallisitet [Fe/H]0.98[5] dex
Rotasjonssnøggleik (v sin i)18[6] km/s
Masse2.98[3] M
Radius3.3[4] R
Overflategravitasjon (log g)4.0[4] cgs
Temperatur8,842[5] K
Rotasjonssnøggleik (v sin i)33[6] km/s
Andre namn
Castor, α Gem, 66 Gem, YY Gem, BD +32 1581/2, FK5 287, GCTP 1785.00, Gl 2,8, HD 60178/60179, HIP 36850, HR 2891, LTT 12038, SAO 60198.
Databasereferanse
SIMBADCastor Aa data
Databasereferanse
SIMBADCastor Ba data

Fysiske eigenskapar

Castor vart oppdaga å vere ei visuell binærstjerne i 1678, med [tilsynelatande storleiksklasse|storleiksklasse]] på 2,0 og 2,9 (den samla storleiksklassen er 1,58). Avstanden mellom komponentane er fortida kring 5 sekundgrader, og perioden til eit omlaup er kring 467 år. Kvar av komponentane til Casto er i seg sjølv ei spektroskopisk dobbeltstjerne, noko som gjer Castor til eit firdobbelt stjernesystem. Castoar har ei svak følgjestjerne som ligg kring 72 sekundgrader unna, men med same parallakse og eigarørsle. Denne følgjestjerna er ei formørkande binærstjerne med ein periode litt under ein dag, og er derfor eit av få kjende formørkande binærstjernesystem der begge følgjestjernene er dvergstjerne klasse M. Castor kan derfor reknast som eit seksdobbelt stjernesystem,[7] med seks individuelle stjerner som bundne saman av tyngdekrafta. Komponent C har variabel stjerne-nemninga YY Geminorum.

Castor-systemet

ParameterStjernekomponent[treng kjelde]
AaAbBaBbCaCb
SpektralklasseA1 VUkjend (truleg M5 V)A2 VmM2 VM0.5 VeM0.5 Ve
Masse (M)2.150.4–0.61.70.4–0.60.620.57
Radius (R)2.3?1.6?0.760.68

Etymologi og kultur

Castor og Pollux er to «himmelske tvillingar», som gjev stjernebieltet Tvillingane namnet sitt. Namnet Castor refererer til Castor, ein av tvillingsønene til Zevs og Leda. Stjerna vart på arabisk kalla Al-Ras al-Taum al-Muqadim, som tyder hovudet til den fremste tvillingen. I stjernekatalogen i Calendarium av Al Achsasi Al Mouakket, heiter denne stjerna Aoul al Dzira, som vart omsett til latinsk som Prima Brachii, som tyder den første på poten.[8]

På kinesisk er 北河 (Běi Hé), som tyder «Nordelva», ein asterisme som består av Castor, ρ Geminorum og Pollux.[9] Castor vert derfor på kinesisk kalla 北河二 (Běi Hé èr, som tyder «den andre stjerna i Nordelva».)[10] Kinesisk astronomi hadde Castor som Yin, som er ein av dei to fundamentale prinsippa som alt er avhengig av i kinesisk tru.

Kjelder

Bakgrunnsstoff