Sterk kuling
- Artikkel
- Diskusjon
Sterk kuling er vindstyrke 8 i Beaufortskalaen og den sterkaste av kulingkategoriane med ein vindsnøggleik på 17,2–20,7 m/s eller 63-75 km/t. Den eldre sjønemninga er klossreva kuling
Vinden brekk av kvister på tre. Det er særs tung å gå mot vinden.
Fjellet står i kok. Kvister og lav frå trea driv med vinden. Det er særs vanskeleg å gå på ski, og nesten umogeleg å bere skia på nakken. Snøfokk set ned sikta til under 100 m og det er umogeleg å orientere seg i terrenget. Det er særs vanskeleg å følgje sjølv godt kvista løyper.
Middel høge bølgjer (5,5 til 7,5 m) av større lengd. Bølgjekammane er ved å brytast opp i sjørokk, som driv i tydelege markerte strimer med vinden.
Språk | Namn |
---|---|
Svensk | Hård vind (på land), hård kuling/kultje (til sjøs) |
Dansk | Hård kuling |
Færøysk | Skrið |
Islandsk | Hvassviðri |
Engelsk | Gale eller fresh gale |
«sterk_kuling» i Store norske leksikon, snl.no.
Stille • Flau vind • Svak vind • Lett bris • Laber bris • Frisk bris • Liten kuling • Stiv kuling • Sterk kuling • Liten storm • Full storm • Sterk storm • Orkan |