Starman

Starman
Singel av David Bowie
frå albumet The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars
B-side

«Suffragette City»

Utgjeve14. april 1972
InnspeltTrident Studios i London
4. februar 1972
SjangerGlamrock
Lengd4:16
SelskapRCA
2199
TekstforfattarDavid Bowie
ProdusentDavid Bowie, Ken Scott
David Bowie-kronologi 
«Changes»
(1971)
Starman«Hang on to Yourself» (Arnold Corns)
(1972)


«Starman» er ein song og singel av den britiske musikkartisten David Bowie på albumet The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars frå 1972.

Songen vart gjeven ut på singel i april 1972 for å promotere albumet som kom sommaren same året.

Songen vart lagd til albumet seint i prosessen etter at Dennis Katz i plateselskapet RCA høyrte ei demoutgåve av songen, og likte den særs godt. Han meinte songen ville verte ein glimrande singel.[1] Songen erstatta derfor Chuck Berry sin song «Round and Round» på albumet.[2]

Musikk og tekst

Let the children lose it
Let the children use it
Let all the children boogie.

David Bowie (1972)

Teksten skildrar Ziggy Stardust som bringar ei melding med håp til dei unge jordbuarane gjennom radioen, om at han skal kome frå Mars og frelse dei. Soga vert fortalt frå synspunktet til ein av dei unge som høyrer Ziggy. I følgje Bowie sjølv er ikkje Starman sjølve Ziggy Stardust, men berre bodbringaren hans.[2]

Musikalsk er dette ein lett pop-rock song med framtredane akustisk gitar og strykearrangement av Mick Ronson, som godt hadde passa inn på det førre albumet til Bowie, Hunky Dory (1971). Refrenget er laust basert på Judy Garland-songen «Over the Rainbow» frå filmen The Wizard of Oz. Andre påverknader skal ha vore T. Rex-songane «Telegram Sam» og «Hot Love» («boogie»-referansen og «la la la»-refrenget) samt Holland–Dozier–Holland-songen «You Keep Me Hangin' On» (den morsekode-liknande gitaren og pianoet).[1]

Utgjeving

«Starman» var ikkje meint for Ziggy Stardust. Bowie gjekk i studio tidleg i februar 1972 for å spele inn songen som ein singel, men sjefen i RCA, Dennis Katz, likte «Starman» så godt at han kravde at songen skulle med på albumet.[3] Singelen kom ut i april det året. Kommersielt sett var «Starman» ein milepåle i karrieren til Bowie, og vart den første hitten hans sidan «Space Oddity» i 1969. I følgje musikkjournalistane Roy Carr og Charles Shaar Murray trudde mange at dette var den første plata til Bowie sidan «Space Oddity»[4] og at det var ein oppfølgjar til denne singelen.

Singelen selde jamt og trutt, men ikkje svært mykje. Han fekk derimot positiv omtale i pressa, og John Peel kalla han til dømes «ein klassikar, eit praktstykke»[5] Vendepunktet kom då Bowie fekk framføre songen på Top of the Pops i juli 1972. Framføringa hans i lag med The Spiders vart vidkjend, og i følgje forfattaren David Buckley, kan «mange tilhengjarar datere augneblikket dei vart Bowie-tilhengjarar til denne Top of the Pops-framføringa».[6] Nasjonen vart klar over Ziggy Stardust, og «Starman» klarta til tiandeplass, og albumet til femteplass. Singelen heldt seg på listene i 11 veker. I USA nådde singelen 65. plass i august 1972.[7]

I tillegg til fjernsynssendinga, spelte Bowie songen for radiolyttarane til BBCJohnny Walker Lunchtime Show den 22. mai 1972. Denne sendinga vart send tidleg i juni 1972 og gjeven ut på Bowie at the Beeb i 2000.

I februar 1999 stemde lesarane av musikkmagasinet Q fram singelen som ein av dei 100 beste gjennom tidene.

Ein avgrensa 7" biletdisk vart gjeven ut på singel den 21. april 2012, samstundes med Record Store Day i 2012.[8]

«Starman»-singelen hadde opphavleg ein «høglydt miks» av «morsekoden» mellom verset og refrenget.[9] Denne singelmiksen var med på den originale britiske utgåva av albumet, men ikkje på andre vinylutgåver internasjonalt, som hadde ein meir dempa miks, og han var heller ikkje på CD, før samlealbumet Nothing Has Changed in 2014.

Innhald

  1. «Starman» (Bowie) – 4:16
  2. «Suffragette City» (Bowie) – 3:25

Den portugisiske utgåva av singelen hadde «John, I'm Only Dancing» og «Hang on to Yourself» som b-sider.

Lister

Liste (1972)Plassering
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[10]55
Frankrike (SNEP)[11]27
Italia (FIMI)[12]41
UK Singles (Official Charts Company)[13]10
US Billboard Hot 100[14]65

Medverkande

Andre utgjevingar

«Starman» vart ikkje mykje spelt på konsertane til Bowie. Han slutta å spele songen mot slutten av 1972, og igjen i 1990. På konsertane tidleg i 2000-åra var songen fast på konsertane hans.

Andre versjonar

  • Den italienske gruppa I Profeti spelte songen på italiensk, kalla «L'amore mi aiuterà» (1972)
  • Nenhum de Nós - Portugisisk versjon kalla «Astronauta de Mármore» (1989)
  • 10,000 Maniacs - Singel (1992)
  • Birth Marc - Ashes to Ashes: A Tribute to David Bowie (1998)
  • Phillip Boa - Fine Art on Silver, also released as a single
  • Bob Downe - Greatest Hits
  • Boy Eats Drum Machine - Bonus digital-only track on Bridging the Distance: a Portland, OR covers compilation
  • Culture Club - Konsertopptak, albumet Culture og Don't Mind if I Do (1999); finst òg på Starman: Rare and Exclusive Versions of 18 Classic David Bowie Songs, samt som dobbel A-side i november 1999 som nådde 43. plass på den britiske singellista.
  • Dan - Singel (1996)
  • Dar Williams - Internett-utgjeving
  • Golden Smog - Blood on the Slacks
  • Joe Dolan - 21st Century Joe
  • Leningrad Cowboys - Zombie's Paradise
  • Magni Asgeirsson - Rock Star: Supernova (2006)
  • Mates of State - All Day EP
  • Nosferatu - Goth Oddity - A Tribute to David Bowie (1999)
  • Of Montreal - Konsert 2007
  • Seu Jorge - Portugisisk versjon for filmen The Life Aquatic with Steve Zissou (2004)
  • Slackdaddy - Loving the Alien: Athens Georgia Salutes David Bowie
  • Techno Cowboy - The Ziggy Stardust Omnichord Album (2009)
  • The Diamonds - Million Copy Hit Songs Made Famous By Elton John & David Bowie
  • The Glitter Band - Wham Bam, Thank You Glam (1996)
  • The Living Sisters - Love to Live (2010)
  • The Rockridge Synthesiser Orchestra - Plays David Bowie Classic Trax
  • Tomoyasu Hotei - Guitarhythm 2 (1991)
  • The Dykeenies - Live at their Apple Store Glasgow show (2007)
  • Nena - Cover me (2007)
  • Shawn Mars - Hero: The Main Man Records Tribute to David Bowie (2007)
  • John C. Reilly - Walk Hard: The Dewey Cox Story soundtrack (2007)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

🔥 Top keywords: HovudsideVerdas landCarles PuigdemontSpesial:SøkSpesial:Siste endringarWikipedia:AtterhaldJonsokKrøllalfaPer PaustAndre verdskrigenBieMidsommarØresundbruaDet norske alfabetetGro Harlem BrundtlandBelgiaMastodontWikipedia:KontaktWikipediaLønnSvartifossIngerid StenvoldNasjonaldyrKleopatraVM i fotball 2022IslandEM i fotball 2024Google MapsTidvasskraftEM i fotball 2021TysklandFrankrikeRusslandNoregTrygve Slagsvold VedumN'Golo KantéJa, vi elsker dette landetEuropaTete Lidbom