Stange kyrkje

kyrkje i Stange i Innlandet

Stange kyrkje er ei steinkyrkje frå midten av 1200-talet i Stange kommune kommune i Innlandet fylke. Ho avløyste i si tid ei enda eldre steinkyrkje. I 1620 slog lynet ned, og mellomalderinventaret brann opp. Kyrkja vart utvida med ein ny fløy mot nord i 1703, den såkalla «Nykyrkja», oppført dels med stein frå domkyrkjeruinane på Hamar. Våpenhuset i vest er frå tidleg på 1800-talet, og i 1928 fekk kyrkja glasmåleri laga av Gabriel Kielland. Mange kjenner Stange kyrkje frå eit bilete måla av Harriet Backer.

Stange kyrkje
kyrkje
Foto: Mahlum
Land Noreg
FylkeInnlandet
KommuneStange
KyrkjesamfunnDen norske kyrkja
BispedømeHamar
ProstiHamar domprosti
SoknStange
FellesrådStange
TeknikkMur
MaterialStein
InnvigdMidten av 1200-talet
 •  EndringarCa. 1300, e. 1620, 1703, tidleg 1800-tal, 1928
Klokker1623 og 1751
KyrkjegardVed kyrkja
PreikestolJohan Reinholdt, 1630
DøypefontErik Pedersen Kolstrup, 1719
Altartavle1652
Sitjeplassar400
DiverseDåpshus av Erik Pedersen Kolstrup. Kalvariegruppe frå 1685 over korboga. Epitafium frå 1710 i Nykyrkja. Glasmåleri (1928) av Gabriel Kielland i koret.
Kart
Stange kyrkje
60°42′35″N 11°08′08″E / 60.70972222°N 11.13555556°E / 60.70972222; 11.13555556
Wikimedia Commons: Stange kirke

Hulda Bergersen, seinare Garborg, blei døypt her i 1862.

prestegarden står mellom anna eit par hus frå 1700-talet som er freda.

Galleri

Litteratur

  • Berg, Sigmund Rye, red. (2000). Stange kirke gjennom 750 år. Stange menighetsråd. ISBN 82-995534-0-7. 
  • Ekroll, Øystein, Stige, Morten og Havran, Jiri (2000). Kirkene i Norge, bind 1: Middelalder i stein. Oslo: ARFO. s. 58-61. ISBN 82-91399-09-3. 
  • Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 641. ISBN 82-75-27022-7. 
  • Øverland, Olava og Mellin, Bo Aje (1995). Våre altertavler. Oslo: Det Norske Samlaget. s. 148-149. ISBN 82-521-4500-0. 

Bakgrunnsstoff