Spitzer Space Telescope

Spitzer Space Telescope eller berre Spitzer (tidlegare the Space Infrared Telescope Facility, SIRTF) er eit infraraudt romobservatorium. Det er det fjerde og siste av teleskopa i NASA sitt Great Observatories-program og blei skote opp den 25. august 2003 ifrå Cape Canaveral Air Force Station i Florida. [1]

Spitzer-bilete av Andromedagalaksen

Spitzer er det so langt største infraraude romobservatoriet og skal studera universet i lysbølgjelengder mellom 3 og 180 mikrometer.[1]

Observatoriet er namnsett etter Lyman Spitzer Jr som var den første til å føreslå å plassera eit større teleskop i bane rundt jorda. [2]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Spitzer Space Telescope