Soling

Solbad, soling eller å sola seg er det å opphalda seg i sollys med hovudformål å gjera huda brunare gjennom pigmentstilvekst, i form av ei mildare solbrenning. Ved soling kan ein vera heilt naken, men i dag bruker ein vanlegvis badetøy. På fyrste halvdelen av 1900-talet var solbad ei medisinsk behandling.

Solbadere på svaberg (1915) av Edvard Munch.

Historie

Solterapi ved Alton Hospital i Hampshire i England.
Forsterking av sollyset med reflekterande skjerm i 1961.

På 1800-talet var ein ofte innandørs på fritida, og solbrun hud blei sett på som noko knytt til dei lågare samfunnsklassene som ofte arbeidde utandørs.[1] Allereie i viktorianske England fanst det grupper som såg på solbrun hud som noko positivt.[2] Men det var hovudsakleg på byrjinga av 1900-talet at oppfattingane kring solbruning blei endra. I 1903 fekk Niels Finsen Nobelprisen i medisin for «Finsens lysterapi».[3] Lysterapien var ei behandling av sjukdommar som lupus vulgaris og rakitis (rakitt). Ein hadde funne at mangel på vitamin D var årsak til rakitis. Sollys hjelpte mot dette, og blei deretter oppfatta som ein kur mot ei mengd andre sjukdommar. Det blei derfor sterkt assosiert med god helse.[4]

I 1910 blei det gjennomført ein ekspedisjon til Tenerife for å undersøkja helseeffektar av helioterapi med meir vitskapleg breidd. I 1913 var 'solbad' sett på som noko moderne for dei rike.[5][6] Solbad blei assosiert med friskt friluftsliv og å vera bleik, noko som tidlegare hadde vore ein statusmarkør, blei stadig meir assosiert med svakheit, sjukdom og usunn livnad.[1] Dette sammanfall òg med at arbeidarklasse var stadig meir innandørs på arbeidsplassane sine, som fabrikklokale.[1]

På 1920-talet var det blitt ein stadig meir utbreidd mote å vera solbrun for kvinner. To kvinner bidrog til å gjera at solbrun hud blei oppfatta som moderne, luksuriøst og sunt i Paris. Ei var afroamerikanske Josephine Baker, som då var ei beundra stjerne der, den andre var den leiande moteskaparen Coco Chanel, som var blitt brun i sola ved ein feil under eit opphald på den franske rivieraen. Då ho kom heim var ho tydeleg solbrun, og bidrog dermed til den nye moten.[7][8][9]

Solbruning blei òg tolka som ein indikasjon på tilpassingsevna til «den kvite rasen», noko som blei omtalt i rasebiologisk litteratur.[1] Ein meinte dette viste at den kvite rasen kunne leva på og herska over heile jorda.[1]

Kring 1930 var solterapi blitt ei etterspurd medisinsk behandling for ei mengd sjukdommar, frå «trøyttleik» til tuberkulose.

Badetøy blei stadig mindre, og på 1930-talet var soling òg blitt vanleg blant menn. På 1940-talet fekk solbruning og solbad mykje merksemd i modeblad. Bikinien blei innført i 1946, og endra seinare bademoten radikalt. Derimot fekk monokinien, som blei lansert i 1964, ikkje så stort gjennomslag, fyrst på 1980-talet slo topplaus soling gjennom.

På 1960-talet byrja charterselskap å nytta soling som eit viktig salsargument, og pynta reklamane sine med solbrune menneske. På 1980-talet blei det populært å sola seg i solarium.

Solvern og risiko

Dei kjemiske industriane hadde tidleg sett ein marknad den i nye livsstilen, og utvikla solkremar.[10] Dei første var tjukke og inneheldt sinkoksidpartiklar. Fyrst på 1940-talet kom dei fyrste organiske solkremane som kunne tilby ulike grader av solvern. Tidlegare var det vanleg at ein nytta solfilter av cellofanpapir som solvern.[10]

Ein aukande førekomst av hudkreft over stort sett heile vesten i den andre delen av 1900-talet og byrjinga av 2000-talet har ført til at styresmakter i mange land har gått ut med informasjon om korleis ein vernar seg mot den skadelege UV-strålinga frå sola og åtvaringar mot overdriven soling.

Eit barn blir smurt inn med solkrem.

Ein kan verna seg mot sollys ved hjelp av klede, hovudplagg og solbriller og dessutan halda seg i skuggen, der strålinga er lågare. Solvernmiddel med tilstrekkeleg høg solvernfaktor kan verna hudparti som ikkje er tildekte. Tida i sola bør vanlegvis avgrensast på grunn av UV-strålinga, særleg nokre timar midt på dagen når solstrålinga er sterkast. Ein bør òg verna seg når det er overskya, fordi UV-stråling kan trenga gjennom skyene. Sola er ofte sterkare på opne plassar med fri horisont, til dømes på badeplassar, ved hav og vatn og i skibakkar.[11][12] Når ein reiser bør ein sjekka UV-indeksen ved reisemålet for å tilpassa solinga, fordi skilnader mellom ulike stader kan vera stor.[13]

Barn og soling

Spedbarn under seks månader bør unngå å opphalda seg i sola.[14] Småbarn over seks månaders alder kan vera kortare stunder i sola, så lenge dei nyttar vernande klede og solvernmiddel med høg faktor (30–50.).[14]

Eldre barn kan ein verna gjennom at dei held seg i skuggen og nyttar klede med lange erme og bein og dessutan solhatt.[14] Solvernmiddel blir anbefalt som eit komplement der kleda ikkje dekkjer.[14] Om ein nyttar slike middel, som solkrem, er det viktig å smørja inn barnet regelmessig, òg ved bruk av vassfaste solvernmiddel.[14]

Hudtypar

Personar med ulike hudtypar har ulik følsamheit mot solstrålar.

Huda til menneske er tilpassa ei viss soleksponering og har derfor eit innebygd vern som er individuelt for kvar person. Ein avgjerande faktor for å kunna bedømma risikoar med solbad er kva hudtype ein har. Ein har funne 6 ulike hudtypar med ulike risikoar. Tilhøyrer ein 1-3 bør ein vera ekstra nøye med å følgja anbefalingar for trygg soling.

Hudtype 1. Menneske med svært lys hud som raskt blir brende i sola og aldri blir brune.

Hudtype 2. Menneske med lys hud som ofte blir brende i sola og blir minimalt brune.

Hudtype 3. Menneske med ein meir beige hudtone som av og til blir brende, og blir lett brune.

Hudtype 4. Menneske med lysebrun hud som sjeldan brenn seg og lett blir brune.

Hudtype 5. Menneske med mørkebrun hud som tolererer sollys godt.

Hudtype 6. Menneske med svart hud som tolererer sollys svært godt.

Bortsett frå hudtype 6 kan alle desse hudtypane bli solbrente.[15] Men alle hudtypar kan skadast av ultrafiolett lys, og kan utvikla hudkreft.[15]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Soling