Soga om laksdølane

Soga om laksdølane (norrønt Laxdæla saga) er ei islendingesoge som vart skriven mellom 1230 og 1260.[1][2] Historia finn stad vest på Island, og følgjer ei slekt gjennom sju eller åtte slektledd i åra før og etter år 1000.

Handling

Hovudhandlinga ligg i sjette generasjonen: det tragiske og destruktive trekantdramaet mellom fosterbrørne og fetrane Kjartan og Bolle, som begge elskar Gudrun, og som begge døyr på grunn av kjærleiksrivaliseringa. Soga har vorte skildra som «ein av dei største kjærleikstragediar i nordisk litteratur, skildra med psykologisk djupsyn og stor litterær kunst»,[2] og «dens beskrivelser avslører også innflytelse fra ridderdiktningen som hadde blitt oversatt fra franske originaler under styret til kong Håkon den gamle av Norge på 1200-tallet.»[3]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Soga om laksdølane