Smoke on the Water

Smoke on the Water
Singel av Deep Purple
frå albumet Machine Head
B-side

«Smoke on the Water» (live)

Språkengelsk
UtgjeveMai 1973[1]
InnspeltDesember 1971
Sjanger
Lengd
  • 5:41 (album)
  • 3:54 (singel)
  • 6:15 (Roger Glover-remix)
Selskap
KomponistRitchie Blackmore, Ian Gillan, Roger Glover, Jon Lord, Ian Paice
TekstforfattarRitchie Blackmore, Ian Gillan, Roger Glover, Jon Lord, Ian Paice
Låtskrivar(ar)
ProdusentDeep Purple
Deep Purple-kronologi 
«Never Before»
(1972)
Smoke on the Water«Woman from Tokyo»
(1973)
-kronologi
Fireball
(1971)
Smoke on the WaterWho Do We Think We Are
(1973)


«Smoke on the Water» er ein song av det engelske rockebandet Deep Purple. Songen vart først gjeven ut på albumet Machine Head i 1972. I 2004 var songen rangert på 434. plass på lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene,[5] og på 4. plass i Total Guitar si liste over dei beste gitarriffa gjennom tidene,[6] og i mars 2005 på 12. plass på lista til Q magazine over dei 100 beste gitarsongane.[7]

Komposisjon

«Smoke on the Water» er mest kjend for det sentrale temaet, ein «bluesskala»-melodi på fire tonar. Riffet vert spelt på ein Fender Stratocaster elektrisk gitar av Ritchie Blackmore, før ein hi-hat og eit forvrengd orgel kjem inn, så trommer, så elektrisk bass før det første verset startar med Ian Gillan på vokal.

We all came out to Montreux, on the Lake Geneva shoreline
to make records with a mobile, we didn't have much time

Jon Lord doblar gitardelen på eit Hammond C3 Orgel spelt gjennom ein Marshall-forsterkar, som skapar ein tone som liknar på ein gitar. Blackmore nyttar to fingrar for å plukke strengane.[8]

Historie

Teksten omhandlar ei sann soge. Den 4. desember 1971 hadde Deep Purple reist til Montreux i Sveits for å spele inn eit album med eit mobilt studio (lånt av the Rolling Stones og kjend som Rolling Stones Mobile Studio—kalla «Rolling truck Stones thing» og «the mobile» i teksten) i eit underhaldningskompleks som var ein del av Montreux Casino (kalla «the gambling house» i teksten). Kvelden før innspelinga skulle byrje heldt Frank Zappa og The Mothers of Invention konsert i kasinoet. Under ein synthesizersolo av Don Preston på «King Kong», fyrte ein kar i publikum av eit bluss i taket, som i teksten er nemnd som «some stupid with a flare gun».[9][10] Taket tok fyr og heile kasinokomplekset brann ned, i lag med alt utstyret til the Mothers. «Smoke on the water», som vart tittelen på songen (tilskriven bassgitarist Roger Glover, som har sagt at tittelen kom til han i ein draum nokre dagar seinare), syner ril røyken frå brannen som spreidde seg over Genfersjøen frå det brennande kasinoet som Deep Purple såg frå hotellet sitt. «Funky Claude» som vert nemnd i teksten er Claude Nobs, direktøren for Montreux Jazz Festival som var til stades under brannen.

Claude Nobs (2006), «Funky Claude» som er nemnd i teksten.

Bandet hadde eit dyrt mobilt studio og ingen stad å spele inn albumet, så bandet måtte sjå seg om etter ein annan stad. Nobs fann eit lokalt teater for dei kalla Pavilion, men etter klagar på støy frå naboane, måtte dei finne nok ein ny stad. Men det var i Pavilion at Blackmore første gongen spelte riffet, som fekk namnet Title n°1.

Til slutt tok dei inn på det nesten tomme Montreux Grand Hotel og sette opp studio i ein korridor der. Her spelte dei inn albumet Machine Head.

Den einaste songen frå Machine Head som ikkje vart spelt inn på Grand Hotel var «Smoke on the Water» sjølv, som hadde vorte spelt inn i Pavilion. Teksten til «Smoke on the Water» vart skriven seinare og vokalen vart spelt inn på Grand Hotel.

Det er laga ein skulptur i Montreux til minne om songen (like ved statuen av Freddie Mercury, frontmann i Queen) med namnet til bandet, tittelen på songen og notane av riffet.

Innverknad

«Smoke on the Water» kom ut på Machine Head, som kom ut tidleg i 1972, men vart ikkje gjeven ut som singel før eit år seinare, i mai 1973. Bandet har sagt at dei ikkje venta at songen skulle verte ein hit, men singelen nådde fjerdeplassen i på singellista i USA sommaren 1973 og andreplassen i Canada, og dreiv albumet inn på Topp 10-lista. Konsertopptak av songen, med utvida samspel mellom Blackmore sin gitar og Jon Lord sitt hammondorgel vart midtpunktet på Deep Purple-konsertane, og ein versjon av songen frå konsertalbumet Made in Japan vart ein liten hit på eigahand i 1973.

Dei som hadde medverka mest til songen spelte songen på sine solokonsertar etter Deep Purple vart oppløyst. Særleg Ian Gillan spelte ein jazz-aktig versjon på sine tidlege solokonsertar. Bandet Gillan nytta ein feedback-fylt versjon, med Bernie Torme på gitar. Songen vart òg spelt på konsertar av Ritchie Blackmore-bandet Rainbow på turneane deira i 1981–83, og igjen etter at Rainbow hadde ein kort periode i lag på midten av 1990-talet.

Under den korte tida Ian Gillan spelte i Black Sabbath i 1983, spelte dei «Smoke on the Water» som ekstranummer. Det er ein av dei få coverversjonane Black Sabbath nokon gong har spelt på konsertane sine.

Songen er populær hos mange som prøver å lære gitar, men Blackmore sjølv har vist at dei fleste som prøver å spele songen spelar han feil.[11]

Salslister

Vekeslister

Liste (1973)Plassering
Australia (Kent Music Report)54
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[12]11
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[13]27
Belgia (Ultratop 40 Vallonia)[14]33
Canada Top Singles (RPM)[15]2
Tyskland (Media Control AG)[16]20
Nederland (Mega Single Top 100)[17]11
Frankrike (SNEP)[18]64
Sør-Afrika[19]7
US Billboard Hot 100[20]4
US Cash Box Top 100[21]3
Liste (1977)Plassering
UK Singles (Official Charts Company)[22]21
Liste (2012)Plassering
Frankrike (SNEP)[23]134

Årslister

Liste (1973)Plassering
Canada[24]34
US Billboard Hot 100[25]50
US Cash Box[26]52

Salstrofé

RegionSalstroféSalstal
Italia (FIMI)[27]Gull25 000*
Storbritannia (BPI)[28]Gull400 000^
USA (RIAA)[29]Gull1 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Coverversjonar

Nyinnspelingar av songen er gjort av Ian Gillan, Ritchie Blackmore, Brian May, David Gilmour, Bruce Dickinson, Tony Iommi, Keith Emerson, Chris Squire, Roger Taylor, Paul Rodgers, Bryan Adams og Alex Lifeson, for Rock Aid Armenia.

Songen er spelt av mange band, som Black Sabbath, Soulfly, Metalium, Acid Drinkers, Crash, Nash the Slash, Angra, Sepultura,Iron Maiden, G3, «Weird Al» Yankovic, Pat Boone, Uwe Schmidt, CJ Crew and The Firelighters Showgroup og Carlos Santana.

I populærkulturen

I 1994 samla 1322 gitaristar seg i Vancouver i Canada for å spele det verdskjende riffet samstundes for ei plassering i Guinness Rekordbok. Den 3. juni 2007 vart denne rekorden slått i Kansas City i USA med 1721 gitaristar[30] og berre 20 dagar seinare i den tyske byen Leinfelden-Echterdingen av gruppa 'Party Blues In Bb' med over 1800 andre folk involvert.[31] Denne rekorden vart igjen slått 1. mai 2009 i Wrocław i Polen, då 6 346 gitaristar spelte songen, i lag med Deep Purple-gitarist Steve Morse, under Thanks Jimi Festival.[32][33]

Songen er nytta i fleire videospel, som Guitar Hero, Guitar Hero II, Guitar Hero: Smash Hits og Rock Band 3 , i tillegg til SingStar Rocks! og Daigasso! Band Brothers.

Medverkande

Kjelder