Sluttspelstudie

Richard Réti
Ostrauer Morgenzeitung 4. desember 1921
a8b8c8d8e8f8g8h8
a7b7c7d7e7f7g7h7
a6b6c6d6e6f6g6h6
a5b5c5d5e5f5g5h5
a4b4c4d4e4f4g4h4
a3b3c3d3e3f3g3h3
a2b2c2d2e2f2g2h2
a1b1c1d1e1f1g1h1
Kvit i trekket klarar remis

Ei av dei mest berømte sjakkstudiene. Det synest umogleg å nå igjen den svarte bonden, samtidig som det ser ut som svart lett kan stoppe den kvite bonden. Løysinga er å gå på diagonalen med kongen, noko som gjer at kongen nærmar seg begge bøndene samtidig: 1.Kg7! h4 2.Kf6! Kb6 (eller 2...h3 3.Ke7 og den kvite kongen kan hjelpe sin bonde inn til bondeforvandling) 3. Ke5!! (no kjem den kvite kongen akkurat i tide til å nå sin bonde, eller når den svarte bonden) 3...h3 4.Kd6 eller 3...Kxc6 4.Kf4

Studiar eller sluttspelstudiar er ein tradisjonell kategori sjakkproblem der løysaren får oppgjeve ei stilling på sjakkbrettet, der oppgåva går ut på eit av to alternativ: At kvit skal vinne eller halde remis. Nesten alle studiar er sluttspelstillingar.

Studiar er komponerte sjakkproblem, med krav til økonomi og eintydige løysingar. Men fordi det i oppgåva ikkje blir oppgjeve kor mange trekk kvit treng for å nå ein vinst, eventuelt ein remis, så er dei ganske ulike tradisjonelle sjakkproblem, der oppgåva gjerne går ut på at kvit skal sette matt i to trekk eller tre trekk. Både utgangsstillingane og løysingane i studiar er dermed oftast temmeleg ulike desse tradisjonelle to- og tretrekkarane.

Studiar har oftast stillingar som er meir like vanlege sjakkstillingar som oppstår i praktisk spel, og løysingane kan ofte ha praktisk verdi for turneringsspelarar. Studiar har ofte vore verdifulle bidrag til kunnskapen om korleis ein skal spele sluttspel.

I studiar, som i andre sjakkproblem, blir det lagt til grunn at rokade er lovleg, viss ein ikkje kan bevise ved retrograd analyse at dette ikkje er lovleg fordi kongen eller det aktuelle tårnet har blitt flytta frå den opphavlege ruta. En passant er derimot ikkje rekna med skal vere mogleg, utan at ein kan bevise at bonden som det er aktuelt å slå har flytta to ruter fram i førre trekket.