Sjokoladeselskap

Sjokoladeselskap er eit festleg samkome der ein serverer sjokolade og kaker.[1]

Sjokoladeselskap på ein terrasse måla av Petrus Johannes van Reysschoot i 1742.

Det finst ulike former for sjokoladeselskap, frå små uformelle samlingar til større og meir formelle, til dømes veldedige tilstellingar. Ved slike tilstellingar kan mykje eller alt av det ein serverer innehalde sjokolade.[2] Ein kan til dømes servera kakao eller sjokolade-lemonade til å drikka og sjokoladekake, konfekt, sjokoladeis eller bakverk med sjokolade i til å eta.[3]

Historie

Chocolatada er ei spansk nemning på samkome der ein drikk kakao. Etter at sjokolade blei innført til Europa frå Amerika var slike samkome fasjonable hendingar haldne av overklassen. I Frankrike blei det vanleg å servera kakao ved hoffet i Versailles på 1600-talet, etter at den spanske prinsessa Anna av Austerrike blei gift med Ludvig XIII i 1615. Deretter blei sjokolade gradvis utbreidd blant overklassen i resten av Europa.[4]

Sjokoladefontene på ein fest i 2015.

Tekniske nyvinningar under den industrielle revolusjonen gjorde sjokolade meir tilgjengeleg for større delar av folket, og ein fekk fleire nye sjokoladeprodukt.[4]I 1830 byrja ein til dømes å blanda sjokolade med nøtter, medan mjølkesjokolade blei oppfunnen i 1875.[4] Ei form for sjokoladeselskap kjend som chocolataire blei kjend på slutten av 1800-talet.[5] Ein kunne ha heile selskap der ein berre serverte mat og drikke med sjokolade, og ei bok med selskapsidear frå 1894 føreslår menyar, program, dekorasjonar og kleda til dei som serverer i sjokoladefargar.[6]

I tida rundt år 2000 er ei anna form for sjokoladeselskap der ein lagar eller smaker på sjokolade blitt utbreidd. Ein kan også ha sjokoladeselskap der ein et sjokoladekake og konfekt og drikk eller lagar drikkar som sjokoladeøl eller cocktailar.[7] Sjokoladefondy, gjerne i form av ei sjokoladefontene, er blitt eit festinnslag sidan byrjinga av 2000-talet.[8] Ein ein også servera sjokoladerettar som ikkje er søte.

Eit nyare namn for selskap som er rike på sjokolade kan vera «Death by Chocolate».[9][10][11] Det finst også serveringsstader som spesialiserer seg på sjokoladeprodukt og berre det, nokre av dei også med namnet «Death by Chocolate».

Føremål

Sjokoladeselskap har til dømes vore brukte til å samla inn pengar til gode føremål.[12] Dei er også blitt nytta til feiring av valentinsdagen,[13]i samband med bryllaup og då særleg utdrikkingslag, og til barnseselskap og andre bursdagsfeiringar.[14]

Sjå òg

Kjelder