Sigurd Kvåle

Sigurd Kvåle (fødd 7. mars 1902 i Sogndal, død 16. juni 1962 i Rælingen) var lærar og forfattar, og er særleg kjend for novellene sine.[1][2][3]

Sigurd Kvåle

StatsborgarskapNoreg
Fødd7. mars 1902
Sogndal kommune
Død

16. juni 1962 (60 år)
Rælingen

Yrkeforfattar, lærar

Kvåle var son av ein skomakar, og gjekk to år på Sogndal Folkehøgskule, deretter Stord lærarhøgskule, der han tok eksamen i 1924. Han var lærar i Varhaug 1924-1928, Aurskog 1928-1929, Torsnes 1932-1933, Tysvær 1933-1937 og Torsnes 1937-1945. Frå 1945 budde han i Rælingen, der han var rektor ved Holt skole. Han var gift med Astrid, fødd Sandsmark, og hadde ein son.

Han bokdebuterte som forfattar i 1933, etter at han tidlegare hadde vunne ein novellekonkurranse i regi av Bondeungdomslaget i Oslo. Han skreiv noveller, romanar og ei barnebok.

Bibliografi

Sentrale tema i Sigurd Kvåle sin forfattarskap er: a) barn, ungdom og gamle menneske, b) bygdesamfunnet, - sosiale og økonomiske tilhøve, særleg i mellomkrigstida, c) menneskesinnet, og d) personar som fell utanfor det sosiale fellesskapet.

Gerd Vik[1]

Bøker

  • 1941 – Byttingen Velaug : underhaldningsroman (Fredrikstad)
  • 1941 – Stemning : høyrespel i 1 akt
  • 1987 – Fjedli mine : for blandakor (Sogndal: Sogndal lærarhøgskule)  [Musikk: Sverre Volle]

I bøker - eit utval

  • 1943 – 16 mann forteller : noveller (Oslo: Rosen) I fulltekst ved nb.no  [Av innhaldet: Kyrkja brenn / Sigurd Kvåle, side 44-58]
  • 1953 – Norsk lesebok for framhaldsskolen. 2. bind. Samfunn og kultur (Oslo: Fabritius) I fulltekst ved nb.no  [Av innhaldet: Det ringjer frå Sørdal kyrkje / Sigurd Kvåle, side 194-200]
  • 1965 – Nynorsk novellekunst : ein antologi (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no  [Av innhaldet: Du er bror min, Ivar. Krefter / Sigurd Kvåle, side 166-186]
  • 1966 – Perler i prosa : norske noveller (Oslo: Den Norske Bokklubben) I fulltekst ved nb.no  [Av innhaldet: Krefter / Sigurd Kvåle, side 334-342]
  • 1969 – Nynorske noveller : ein antologi (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no  [Av innhaldet: Du er bror min, Ivar. Krefter / Sigurd Kvåle, side 187-204]
  • 1971 – Aschehougs litteraturutvalg for aldersgruppen 13-17. Bind 1 (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no  [Av innhaldet: Brør / Sigurd Kvåle, side 353-357]
  • 2001 – Til konfirmanten : dikt og tekster : fra Inger Hagerup til Arne Hjeltnes (Oslo: Kagge). ISBN 82-489-0126-2  [Av innhaldet: Konfirmanten / Sigurd Kvåle, side 55-65]

I tidsskrift - eit utval

Referansar

Bakgrunnsstoff