Sigrun Berg
norsk tekstilkunstnar
Sigrun Berg (18. mai 1901–18. mai 1982) var ein norsk tekstilkunstnar, vevar og tekstilformgjevar frå Oslo.
Sigrun Berg | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 18. mai 1901 Bergen, Christiania |
Død | |
Yrke | tekstildesigner, tekstilkunstnar, motedesigner |
Far | Paal Berg |
Sigrun Berg på Commons |
Utdanning
Ho var utdanna ved Statens kunst- og håndverksskole og Statens kunstakademi.
Arbeid
Frå 1936 knytt til Teletweed Vevarlag. Frå 1947 hadde ho eiga vevstove i Oslo. I tillegg var ho formgjevar ved De Forenede Ullvarefabrikker 1957–1965, og arbeidde for kunsthandverk som binæring på bygdene og for å høgne kvaliteten på norsk fabrikktekstil. Ho sette mellom anna i gang veving på akkord i Trysil.Frå 1956 var ho lærar i farging ved Statens kunst og håndverkskole.
Sigrun Berg arbeidde med eit fargeskjema bygd på gamal norsk tradisjon, men med ei utforming som heilt høyrde til samtida.
Utsmykkingsoppdrag
Eit utval:
- Alstadhaug kyrkje
- Asker rådhus
- Bodø Domkyrkje
- Håkonshallen
- Kongeskipet
- Sandefjord rådhus
Prisar og utmerkingar
Kjelder
- Red. Erik Zahle - Brukskunst i hjemmet, Nordiske Fagbøker.
🔥 Top keywords: HovudsideVerdas landSpesial:SøkSpesial:Siste endringarØresundbruaNasjonaldyrVM i fotball 2022Det engelske herrelandslaget i fotballIngerid StenvoldAndre verdskrigenNicole KidmanTete LidbomWikipedia30. novemberFjellfolkVM i fotball 1966Wikipedia:KontaktEM i fotball 2004Sigrid HenjumEuropaCristiano RonaldoHotel Union ØyeEM i fotball 2021Det norske alfabetetKarsten WarholmTübingenVictoria av SverigeWikipedia:OmAnne-Sophie MutterSpeleautomatFrankrikeVaniljerotOlympiastadion i BerlinLønnGardasjøenKrøllalfaKnut den mektigeSynne VoHjelmelandsvågen