Shigeru Miyamoto

Shigeru Miyamoto (fødd 16. november 1952)[1] er ein japansk dataspeldesignar, produsent og kreativt ansvarleg ved Nintendo. Han er skaparen av nokre av dei mest kjende dataspelseriane gjennom tidene, inkludert Super Mario og The Legend of Zelda.

Shigeru Miyamoto

Fødenamn宮本 茂,, Miyamoto Shigeru, uttala [mijamoto ɕiɡeɾɯ]
StatsborgarskapJapan
Fødd16. november 1952 (71 år)
Sonobe
Yrkedesignar, spelutviklar, videospelprodusent, manusforfattar, informatikar, dataspelutviklar, fjernsynsprodusent, videokunstner, videospilldesigner, speldesignar
Språkjapansk
EktefelleYasuko Miyamoto
Shigeru Miyamoto på Commons

Miyamoto er fødd i Sonobe i Japan og utdanna seg ved kunstuniversitetet i Kanazawa. Han søkte opphavleg ein karriere som mangakunstnar, fram til han utvikla ei interesse for dataspel. Med hjelp frå faren sin, vart han tilsett i Nintendo i 1977 etter å ha imponert den dåverande presidenten Hiroshi Yamauchi med leikene sine.[2] Han vart den fyrste kunstnaren i selskapet og hjelpte å lage kunst for arkadespelet Sheriff,[3] og fekk seinare i oppdrag å utvikle ei ny arkadeeining for selskapet. Dette resulterte etter kvart i 1981-spelet Donkey Kong.

Miyamoto heldt fram med å skape både Super Mario Bros. og The Legend of Zelda, som vart store suksessar for Nintendo Entertainment System (NES). Spela hjelpte Nintendo og NES-konsollen i å dominere konsollmarknaden, særleg etter dataspelkrakket i 1983. Spela hans har vorte flaggskip for alle spelkonsollane frå Nintendo, frå arkademaskinene i 1970-åra fram til i dag. Han leidde programvareavdelinga Nintendo Entertainment Analysis & Development som utvikla mange av dei eigne spela frå selskapet. Som følgje av bortgangen til Nintendo-president Satoru Iwata i juli 2015, tok Miyamoto saman med Genyo Takeda rolla som fungerande president fram til han vart formelt utnemnd til den «kreative karen» i selskapet nokre månader seinare.[4]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Shigeru Miyamoto
Commons har multimedium som gjeld: Shigeru Miyamoto