Sherwin Wine
Sherwin T. Wine (25. januar 1928–21. juli 2007) var ein amerikansk rabbinar som først og fremst var kjend som grunnleggjaren av Society for Humanistic Judaism.
Sherwin Wine | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 25. januar 1928 Detroit |
Død | |
Yrke | rabbinar |
Religion | Jødedommen |
Wine studerte ved University of Michigan og ved det reformjødiske Hebrew Union College, der han vart ordinert som rabbinar. Han grunnla Birmingham Temple — den første humanistisk-jødiske meinigheita — i Detroit i 1963.
Han er ein hovudperson i ei lita gruppe av sekulære og ikkje-teistiske jødar som meiner at reint kulturelle uttrykk for jødedom er ein relevant innfallsvinkel til moderne jødisk identitet og meiner at grupper som står for dette synet bør godtakast på lik line med teistisk jødedom.
American Humanist Association utpeikte Sherwin T. Wine som «årets humanist» i 2003.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
🔥 Top keywords: HovudsideVerdas landSpesial:SøkSpesial:Siste endringarØresundbruaNasjonaldyrVM i fotball 2022Det engelske herrelandslaget i fotballIngerid StenvoldAndre verdskrigenNicole KidmanTete LidbomWikipedia30. novemberFjellfolkVM i fotball 1966Wikipedia:KontaktEM i fotball 2004Sigrid HenjumEuropaCristiano RonaldoHotel Union ØyeEM i fotball 2021Det norske alfabetetKarsten WarholmTübingenVictoria av SverigeWikipedia:OmAnne-Sophie MutterSpeleautomatFrankrikeVaniljerotOlympiastadion i BerlinLønnGardasjøenKrøllalfaKnut den mektigeSynne VoHjelmelandsvågen