Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band

album av The Beatles
Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band
Studioalbum av The Beatles
Språkengelsk
Utgjeve26. mai 1967
Innspelt24. november 1966–21. april 1967, EMI Studios og Regent Sound Studio, London
Sjanger
Lengd39:52
SelskapParlophone (UK)
Capitol (US)
ProdusentGeorge Martin
The Beatles-kronologi 
«Revolver»
(1966)
Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band«Magical Mystery Tour»
(1967)


Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band er eit album av The Beatles som kom ut 1. juni 1967. Det vart spelt inn mellom 6. desember 1966 og 1. april 1967. Sgt. Pepper, som det ofte vert forkorta til, vert ofte rekna som Beatles sitt magnum opus,[11][12] og av mange store kritikarar og publikasjonar rekna som eit av dei viktigaste musikkalbuma gjennom tidene, til dømes av musikkmagasinet Rolling Stone, som erklærte albumet som det største gjennom tidene i 2003.[13]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars[1]
The A.V. ClubB+[2]
The Daily Telegraph5/5 stars[3]
Encyclopedia of Popular Music5/5 stars[4]
MusicHound Rock5/5[5]
Paste89/100[6]
Pitchfork10/10[7]
The Rolling Stone Album Guide5/5 stars[8]
Sputnikmusic5/5[9]
The Village Voice(A)[10]

Albumet er eit av dei mestseljande i Noreg gjennom tidene og har vore inne på VG-lista i 43 veker, heile 22 veker samanhengande på førsteplassen.[14] Siste gong det var inne på lista var i 2004.

Historikk

Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band vart spelt inn på eit tidspunkt då den første Beatles-feberen var i ferd med å minke. Teikn i tida viste at det mest nyskapande innan rocken ikkje lenger kom frå Storbritannia, men frå USA, og særleg frå den amerikanske vestkysten. Her hadde fleire band starta å eksperimentere med ei anna instrumentering enn den vanlege, og tekstane handla om meir enn kjærleik og sakn. Mange av dei nye banda tok fantasifulle namn som Jefferson Airplane og Grateful Dead. Personar som Bob Dylan, Frank Zappa, Phil Spector og Brian Wilson var i gang med å omdefinere kva som var mogeleg innanfor rocken, både med omsyn til tekstar, instrumentering og innspelingsteknikkar.

Beatles-medlemmene innsåg at den frenetiske turneverksemda var i ferd med å tappe dei for skaparkraft, og dei avgjorde derfor å gje seg med turneringa og gå i studio. Som den største popsuksessen til EMI nokon gong hadde dei no uavkorta tilgang på tid og ressursar i Abbey Road Studios. I månadane før innspelinga starta hadde bandmedlemmene late seg inspirere av andre typar musikk enn tidlegare, og hadde vorte kjende med instrument som hammondorgel, elektrisk piano, stryke- og blåseinstrument og ei lang rekkje eksotiske instrument, som sitar.

Paul McCartney har sjølv nemnt The Beach Boys sitt Pet Sounds og Frank Zappa sitt Freak Out! som viktige inspirasjonskjelder for Sgt. Pepper. McCartney var i Los Angeles i 1966, der han møtte Brian Wilson og høyrde songar som Wilson hadde tenkt å bruke på det planlagde albumet, SMiLE.

Oppfølgjaren Magical Mystery Tour inneheld songar som er mykje i same stil som på på Sgt. Pepper. Men etter to år i spissen for den psykedeliske rocken vende The Beatles i 1968 tilbake til eit meir konvensjonelt repertoar.

Konseptalbum

Den opphavlege ideen var at The Beatles skulle framstå som eit ukjent «Lonely Hearts Club Band» som gjennomførte ein kabaretaktig konsert i ein park. Ideen kom til syne i plateomslaget og i tittellåten som startar side ein og kjem i reprise mot slutten av side to; dessutan finn ein ein introduksjonen av bandmedlemmet «Billy Shears» (Ringo Starr) før songen «A Little Help from my Friends». Songane er likevel stort sett frittståande, men Sgt. Pepper har stundom vorte rekna som det første konseptalbumet i rockehistoria.

Tekniske nyvinningar

The Beatles hadde òg teke i bruk tekniske nyvinningar som wah-wah-pedal og fuzzboks. I tillegg kom bandmedlemmene sine eigne kreative idear, som å føre vokal og instrument gjennom ein lesliehøgtalar. Paul McCartney oppdaga at han kunne oppnå betre presisjon, styrke og lyd ved å plugge bassen direkte til ein forsterkar i staden for å gå vegen om ein mikrofon, slik det var vanleg.

På den tida opptaka starta var dei første åttespors bandopptakerane på marknaden i USA, men hadde enno ikkje nådd Storbritannia. The Beatles gjorde sine opptak på firespors utstyr, men på den måten at firespors opptak på éin opptakar vart miksa og spelt inn på eitt spor på ein annan. Slik kunne teknikarane i Abbey Road i røynda arbeide med 16 spor – men då med ein andregenerasjons mastertape. Den støyen som kom av dette løyste teknikarane ved å vere dei første som tok i bruk Dolby støyreduksjonssystem. Sgt. Pepper vart derfor kjend for klår, presis og støyfri lyd, og står som ein milepåle i lydinnspelingshistoria.

Produsent og teknikarar tok òg i bruk lydbandteknikken på nye og innovative måtar. På nokre spor vert ein Mellotron nytta, og effektar som phaser, flanger og ekko er hyppig brukt. Særleg verknadsfull er den spesielle doublereffekten som er nytta på vokalsporet, og som får det til å høyrast ut som vokalisten syng duett med seg sjølv. Denne teknikken vart utvikla spesielt for The Beatles av lydteknikaren Ken Townshend i EMI i 1965, og fekk namnet automatic double tracking (ADT). Tidlegare kunne ein berre få dobbel vokalstemme ved å gjere to separate opptak - no kunne det gjerast automatisk på eitt opptak. Etter Sgt. Pepper vart ADT standard innspelingsteknikk i pop og rock.

Viktig var også den såkalla varispeeding, det vil seie opptak med forskjellig hastigheit på dei ulike spora på bandet. The Beatles brukte denne teknikken mykje på vokalen på Sgt. Pepper, og snart blei oppspeeda vokal (tweaking) ein vanleg teknikk i popmusikkproduksjon.

Ei anna nyheit var det at sluttrilla (run-out groove) var fylt med lyd. Den kakofonien som er lagt på sluttrilla kom fram ved at alle fire brølte morosame lydar inn i ein mikrofon. Deretter blei lydbandet klipt i bitar, limt saman og spelt baklengs. Tilfeldig samanklipping av bandbitar og baklengs avspeling blir også brukt på andre spor på plata. I pausen mellom siste låt og sluttrilla er lagt inn den 15 kHz høge tonen av ei hundefløyte - foreslått av John Lennon «i den hensikta å irritere hunden din».

Omslag

Oppdraget med å lage omslaget fekk kunstnaren Peter Blake. Omslaget skulle i tråd med konseptet for plata framstille dei fire som medlemmer av eit band som heldt konsert i ein park. Kvar av dei laga ei liste over levande og avdøde personar som dei ville ha med på bilete. Fotografi av desse vart forstørra opp i full storleik på papplater og stilt opp som bakgrunn. Voksfigurane av The Beatles vart lånt frå Madame Tussaud og stilt opp ved sidan av. Blomane vart levert levert av ein blomsterforretning, medan dei påståtte marihuanaplantene ikkje er marihuana. Midt i bilete stilte The Beatles opp i sirkusaktige uniformer og nyanlagt bart.

Omslaget er særs påkosta, med utbrett og innlagte utklippsbilete. På innsida av omslaget var det eit eige design ved Seemon Posthuma og Marijke Kooger. For første gong i rockehistoria var tekstene trykt på omslaget. Produsent for omslaget var kunsthandlaren Robert Fraser.

På baksida kan ein sjå at Paul er den einaste med ryggen til kameraet, dette vert av enkelte sett på som eit spor på konspirasjonsteorien som seier han er død.

Anna materiale

Ei stund var meininga at Sgt. Pepper skulle verte eit dobbeltalbum, og det vart spelt inn songar i studio som ikkje fekk plass på den eine plata det enda opp med. Nokre av desse innspelingane kom seinare på Magical Mystery Tour, og tre andre («Only A Northern Song», «Hey Bulldog» og «It’s All Too Much») vart først publisert i animasjonsfilmen Yellow Submarine i 1968.

To andre songar som var spelt inn på same tid - «Strawberry Fields Forever» og «Penny Lane» - kom heller ikkje med på plata fordi EMI meinte det gjekk for lang tid mellom utgjevingane og derfor pressa George Martin til å gje ut desse som singel alt i februar 1967. I trå med tradisjonen til Beatles hamna ikkje singlane på studioalbuma.

Ulike versjonar

Sgt. Pepper er opphavleg miksa og gjeve ut i mono. Samstundes vart det òg laga ein stereoversjon, og det er denne som oftast er nytta ved seinare nyopplag.

Dei to utgåvene er ulike på fleire songar. Til dømes går monoversjonen av «She’s Leaving Home» raskare og i ein høgare toneart. Den opphavlege «Lucy in the Sky with Diamonds» går seinare og har meir klang.

Innhald

Alle songar er skrivne av Lennon/McCartney, bortsett frå der andre er nemnd.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band»2:02
2.«With a Little Help from My Friends»2:44
3.«Lucy in the Sky with Diamonds»3:28
4.«Getting Better»2:47
5.«Fixing a Hole»2:36
6.«She’s Leaving Home»3:35
7.«Being for the Benefit of Mr. Kite!»2:37
Side to
Nr.TittelLengd
8.«Within You Without You» (George Harrison)2:09
9.«When I’m Sixty-Four»2:37
10.«Lovely Rita»2:42
11.«Good Morning Good Morning»2:41
12.«Sgt. Peppers Lonley Hearts Club Band (Reprise)»1:18
13.«A Day in the Life»5:33

Medverkande

I følgje Mark Lewisohn og Ian MacDonald:[15]

The Beatles

  • John Lennon – solo-, harmoni- og korvokal; rytme- og sologitar, akustisk gitar; Hammondorgel og den siste E-akkorden på pianoet, bandsløyfer, lydeffektar og kam, klapping, tamburin og maracas
  • Paul McCartney – solo-, harmoni- og korvokal; bass- og sologitar; elektrisk og akustisk piano, Lowrey og Hammondorgel; klapping; vokaliseringar, bandsløyfer, lydeffektar, og kam
  • George Harrison – harmoni- og korvokal; solo- og rytmegitar, akustisk gitar; sitar; tamboura; munnspel og kazoo; klapping og maracas; solovokal på «Within You Without You»
  • Ringo Starr – trommer, conga, tamburin, maracas, klapping og røyrbjeller; solovokal på «With a Little Help from My Friends»; munnspel; siste E-akkorden på piano

Andre musikarar og produksjon

  • Sounds Incorporated – saksofonsekstett på «Good Morning, Good Morning»[16]
  • Neil Aspinall – tamboura og munnspel[17]
  • Geoff Emericklydteknikar; bandsløyfer og lydeffektar[18]
  • Mal Evans – teljing, munnspel, alarmklokke og den siste E-akkorden på piano[19]
  • George Martin – produsent og lydmiksing; bandsløyfer og lydeffektar; cembalo på «Fixing a Hole», harmonium, Lowrey-orgel og klokkespel på «Being for the Benefit of Mr. Kite!», Hammondorgel på «With a Little Help from My Friends» og piano på «Getting Better» og pianosoloen på «Lovely Rita»; den siste harmonium-akkorden.[20]
  • Studiomusikarar – fire valthorn på «Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band»: Neill Sanders, James W. Buck, John Burden, Tony Randall,[21] arrangert og dirigert av Martin og McCartney; strykeseksjon og harpe på «She's Leaving Home», arrangert av Mike Leander og dirigert av Martin; tabla, dilrubas, tamboura og swarmandal på «Within You Without You», spelt av medlemmar av Asian Music Circle, med åtte fiolinar og fire celloar arrangerte og dirigert av Harrison og Martin; klarinetttrio på «When I'm Sixty-Four»: Robert Burns, Henry MacKenzie, Frank Reidy, arrangert og dirigert av Martin og McCartney; saksofonar på «Good Morning, Good Morning», arrangert og dirigert av Martin og Lennon; og eit førti mann stort orkester, inkludert strykarar, blåsarar og perkusjon på «A Day in the Life», arrangert av Martin, Lennon og McCartney og dirigert av Martin og McCartney.[22]

Salslister

Sgt. Pepper låg på Billboard 200-lista i USA i 175 usamanhengande veker fram til 1987.[23]

Vekeslister

Originalutgåve
ListePlassering
Australske Kent Music Report[24]1
Kanadiske RPM Top LPs[25]1
Noreg VG-lista[26]1
Svenske Kvällstoppen[27]1
UK Albums Chart[28][29]1
US Billboard Top LPs[30]1
West German Media Control Albums Chart[31]1
1987-utgåva
ListePlassering
Den nederlandske albumlista[32]2
Den japanske albumlista[33]3
UK Albums Chart[34]3
2009-utgåva
ListePlassering
Australske albumlista[35]16
Belgiske albumlista (Vallonia)[36]22
Den brasilske albumlista[37]20
Den danske albumlista[38]20
Den finske albumlista[39]9
Den italienske albumlista[40]9
Den japanske albumlista[41]20
Den newzealandske albumlista[42]12
VG-lista[43]31
Den portugisiske albumlsita[44]4
Den spanske albumlista[45]22
Den svenske albumlista[46]8
UK Albums Chart[47]5

2017-utgåva
ListePlassering
Australske album (ARIA)[48]5
Austerrikske album (Ö3 Austria)[49]3
Belgiske album (Ultratop Flandern)[50]2
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[51]1
Kanadiske album (Billboard)[52]7
Tsjekkiske album (CNS IFPI)[53]6
Danske album (Hitlisten)[54]3
Nederlandske album (MegaCharts)[55]2
Finske album (Suomen virallinen lista)[56]23
Tyske album (Offizielle Top 100)[57]5
Irske album (IRMA)[58]2
Italienske album (FIMI)[59]6
Japanske album (Oricon)[60]5
Mexicanske album (AMPROFON)[61]18
New Zealand Albums (RMNZ)[62]4
Norske album (VG-lista)[63]9
Polske album (ZPAV)[64]28
Den portugisiske albumlista[65]3
Skotske album (OCC)[66]1
Den spanske albumlista (PROMUSICAE)[67]3
Svenske album (Sverigetopplistan)[68]2
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[69]2
Britiske album (OCC)[70]1
US Billboard 200[71]3

Årslister

Liste (1967)Plassering
Australske albumlista[24]1
UK Albums Chart[72]1
US Billboard Year-End[73]10
Liste (1968)Plassering
Den australske albumlista[24]3
US Billboard Year-End[74]6

Tiårslister

Liste (1960-åra)Plassering
UK Albums Chart[75]1

Salstrofé

I USA hadde albumet seld 2,36 millionar eksemplar innan 31. desember 1967 og 3,37 millionar innan slutten av tiåret.[76]

RegionSalstroféSalstal
Argentina (CAPIF)[77]2× Platina120 000x
Argentina (CAPIF)[77]
1987 CD issue
3× Platina180 000x
Australia (ARIA)[78]4× Platina280 000^
Brasil (ABPD)[79]Gull100 000*
Canada (Music Canada)[80]8× Platina800 000^
Frankrike (SNEP)[81]Gull696,800[82]
Tyskland (BVMI)[83]Platina500 000^
Italia (FIMI)[84]Gull50 000*
Japan (Oricon Charts)208,000[33]
New Zealand (RMNZ)[85]6× Platina90 000^
Storbritannia (BPI)[86]17× Platina5,198,291[87]
USA (RIAA)[88]11× Platina11 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder

Bakgrunnsstoff

NRK Dagsrevyen 1987 (Eva Knardahl og ein ung Espen Thoresen blant debattantane i ein diskusjon om populærkultur og Sgt. Pepper)

Føregangar
More Of The Monkees
The Monkees
Toppen av VG-lista
The Beatles

22 veker
Veke 24–45 1967
Etterfylgjar
Doctor Zhivago
Filmmusikk