Seteleie

Seteleie er ei fosterstilling der bakenden eller føtene til fosteret ligg vend mot fødselskanalen. Seteleie kan føra til fødselskomplikasjonar knytte til setefødsel, eller ein kan forløysa barnet i keisarsnitt. I nokre høve kan ein også snu fosteret før fødselen slik at det kan bli fødd i vanleg fødselsstilling.[1]

Teikning av foster i seteleie frå 1754 av William Smellie

Dei fleste foster ligg i seteleie tidleg i svangerskapet, men snur seg mot slutten av det. Ved prematur fødsel er det større sjanse for at fosteret ligg i seteleie.[1] Ved termin (37.–40. svangerskapsveke) har rundt 3–5 % av gravide kvinner eit foster i seteleie.[2]

Kjelder