Serravalle er den folkerikaste kommunen (castello) i San Marino med om lag 9000 innbyggjarar. Den største staden i kommunen er Dogana, som også er den største byen i landet.
Han vart først nemnd i skriftlege kjelder i 962. I mellomalderen vart han ofte kalla Castrum Olnani, landsbyen ved almetrea. Serravalle vart ein del av San Marino i 1463, som var siste gong republikken vart utvida. Det noverande namnet kjem frå dei italienske orda serra (fjellkjede) og valle (dal).