Senja kommune

kommune i Troms fylke i Noreg

Senja kommune er ein kommune i Troms fylke. Kommunen vart til frå 1. januar 2020, ved samanslåing av kommunane Berg, LenvikTorsken og Tranøy,[1] og omfattar øya Senja, nokre mindre omliggande øyar og eit stykke av fastlandet mellom Gisundet og Malangen. Finnsnes på fastlandet er største tettstaden og administrasjonssenteret i den nye kommunen. Tettstader på øya Senja er Gryllefjord, Torsken, Senjahopen, Vangsvik, Silsand, Gibostad og Husøy.

Senja kommune
kommune
Kommunelogo
Land Noreg
FylkeTroms
Adm.senterFinnsnes
Areal1 953,81 km²
 •  land1 862,84 km²
 •  vatn90,97 km²
Folketal 14 894  (1. januar 2024)
OrdførarGeir Inge Sivertsen (H)
Kommunenr.5530
Kart
Senja kommune
69°04′50″N 16°48′11″E / 69.0806°N 16.8031°E / 69.0806; 16.8031
Wikimedia Commons: Senja kommune

Skipinga av Senja kommune begynte i 2016 med at dei Høgrestyrte kommunane Lenvik og Tranøy avgjorde å slå seg saman til ein kommune i 2020.[2] I Berg kommunestyre vart det fleirtal for å slutte seg til ei framtidig avgjerd av Stortinget, i samband med ei nasjonal kommunereform, medan Torsken ønskte å halde fram som eigen kommune.[3] I 2017 kom eit stortingsvedtak om å slå dei fire kommunane sammen til nye Senja kommune.[4]

Ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2019 vart det for første gong valt representantar til kommunestyret i Senja kommune. Tom-Rune Eliseussen frå Senterpartiet fekk ordførarvervet.[5]

Folk frå Senja

  • Ottar Brox (f. 1932), politikar, sosiolog, sivilagronom (Torsken)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.