Selburosa
Selburosa, selburose eller selbumønster er eit ornament forma som ei stjerne eller rosett med åtte spisse blad. Ho har som tradisjonelt vore brukt i mønster på strikkeplagg frå Selbu i Trøndelag. Selburoser finst i ulike former, mønsterkombinasjonar og fargar, men oftast som svarte figurar på kvit botn. Plagg med med dette rosemønsteret kan kallast selbuvottar, selbugenser, selbustrømper, selbustrikk og så vidare.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/05/Selburose-detail.jpg/220px-Selburose-detail.jpg)
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/5e/Selbu_komm.svg/170px-Selbu_komm.svg.png)
Selburosa er truleg det meste brukte strikkemønstret i Noreg. Mønsteret er òg brukt utanfor grensene til landet som symbol på Noreg og norsk folkekunst. Selburose kan i engelsk strikketerminologi òg bli kalla Selbu star og Norwegian star.
Historikk
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c2/Selbustrikk_-_Heimeyrke10_Selbu0066.jpg/220px-Selbustrikk_-_Heimeyrke10_Selbu0066.jpg)
Medan kvernsteinproduksjon lenge hadde vore viktigaste næringsveg i Selbu, blei kvernsteinar erstatta av valsemøller frå slutten av 1800-talet, og ein byrja leita etter nye måtar å få inntekter på.[1]Marit Guldsetbrua Emstad (fødd 1841) frå Selbu skal ha vore den første som leverte vottar med selburoser til Husfliden i Trondheim, i 1897. Ho kan ha henta inspirasjon frå eldre strikkeoppskrifter, treskurd og annan husflid. Liknande mønster finst òg i gamle mønsterbøker frå Italia, Frankrike, Sveits og Tyskland på 1500-1700-talet.[2]
Selbu husflidsentral blei skipa i i 1934, og etter eit par år blei det laga 90 000 par selbuvottar. Tre fjerdedelar av produksjonen blei eksportert. I tillegg til selburosa kunne selbuvottane ha bilde av personar, dyr og plantar.
Bruk som symbol
Kommunevåpenet for Selbu kommune viser tre selburoser, definert som 24 spisse, svarte spissruter samla i tre rosettar, to over ein mot sølvbakgrunn.[a] Den stiliserte blomen symboliserer den sentrale rolla til selbustrikken i kulturarven på staden. Våpenet vart godkjent i 1991.[3]
Den Norske Husfliden har ei rosa selburose som merke.
Då StatoilHydro endra namn til Statoil i 2009, presenterte selskapet ein ny logo for konsernet, ei lilla sekstakka stjerne med form som minna sterkt om selburosa brukt av Husfliden.[4][5]
Galleri
- Rett- og vrangsida på en lusekofte med selburoser i svart på kvitt.
- Lusekofteliknande genser med strikka selbumønster og metallspenner i halssplitten.
- Karen Garberg sorterer selbuvottar, luer, skjerf og andre strikkeplagg i 1944.Foto: Arkivverket
- Milorg-fenrik Terje Rollem iført karakteristiske nikkers og selbustrømpar tek over Akershus festning frå Wehrmacht-major Josef Nichterlein 11. mai 1945, få dagar etter frigjeringa etter krigen.Foto: Johannes Stage/Oslo Museum/digitaltmuseum.no
- Kommunevåpen for Ulvik kommune i Hordaland: «På raud grunn åtte gull spissruter i rosett.»
Sjå òg
- Oktagram, åttetakka stjerne
Merknadar
Kjelder
- Referansar