Satanisme
Satanisme eller djevledyrking er religiøse og ikkje-religiøse rørsler som bruker Satan eller djevelen som positivt identitetssymbol. Satanisme er eit moderne fenomen som oppsto i det 20. hundreåret. Få satanistar trur på og enda færre «dyrkar» Satan. Rørsla set gjerne mennesket sjølv i sentrum.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/64/Pentagram4.svg/220px-Pentagram4.svg.png)
Det er stor intern variasjon i tru og praksis blant satanistar. Hovudstrøymingane er fokusert på «det gode livet», nonkonformisme og kreativt utanforskap. Eit mindre segment er primært opptatt av opposisjon mot det gjeldande. Det finst former for satanisme nokre vil rekne som religion, men den største gruppa vil ofte bli rekna som eit sekulært livssyn.
Kjelder
- «satanisme» i Store norske leksikon, snl.no.
🔥 Top keywords: HovudsideVerdas landCarles PuigdemontSpesial:SøkSpesial:Siste endringarWikipedia:AtterhaldJonsokKrøllalfaPer PaustAndre verdskrigenBieMidsommarØresundbruaDet norske alfabetetGro Harlem BrundtlandBelgiaMastodontWikipedia:KontaktWikipediaLønnSvartifossIngerid StenvoldNasjonaldyrKleopatraVM i fotball 2022IslandEM i fotball 2024Google MapsTidvasskraftEM i fotball 2021TysklandFrankrikeRusslandNoregTrygve Slagsvold VedumN'Golo KantéJa, vi elsker dette landetEuropaTete Lidbom