Santa Claus Is Coming to Town

«Santa Claus Is Comin' to Town»[1] er ein amerikansk julesong frå 1934. Han vart skriven av John Frederick Coots og Haven Gillespie og først sungen på radioshowet til Eddie Cantor i november 1934. Han vart raskt ein stor hit og det vart bestilt over 100 000 kopiar av noteark og meir enn 30 000 plater dei første 24 timane.[2][3]

«Santa Claus is coming to town» under eit juleopptog i Morehead City i Nord-Carolina i 2011.

Innspelingar

Den tidlegare kjende innspelinga av songen var av banjospelaren Harry Reser og bandet hans den 24. oktober 1934 (Decca 264A) med Tom Stacks på vokal. Denne versjonen gjekk inn på Variety-listene i desember 1934. Songen var ein stor hit for noteark og nådde toppen av salslista. Songen vart òg spelt inn 26. september 1935, av Tommy Dorsey & His Orchestra.[treng kjelde]

Songen er ein tradisjonell standard kring juletid, og har blitt spelt inn av mange andre artistar. Den første større hitversjonen av songen var av Perry Como i 1951, og i 1963 nådde versjonen til Four Seasons 23. plassen på Billboard-lista.[4] I 1970 produserte Rankin-Bass ein times lang animasjon fjernsynsepisode basert på songen, med Fred Astaire som forteljar. Mange moderne artistar har spelt versjonar av songen, som rockeversjon av Bruce Springsteen & The E Street Band. Songen vart spelt inn i 1975 og gjeve ut i 1982 for Sesame Street-samlealbumet In Harmony 2 og igjen i 1985 som B-sida til «My Hometown» frå albumet Born in the U.S.A..[5] Luis Miguel spelte inn songen på spansk som «Santa Claus Llegó a La Ciudad» for julealbumet hans Navidades (2006).[6] Versjonen hans nådde 26. plassen på Billboard Latin Pop Songs-lista.[7]

Andre kjende versjonar av songen er gjort av Bing Crosby og Andrews Sisters (1943), Frank Sinatra (1948), Ray Conniff Singers (1959), Alvin and the Chipmunks (1961), The Crystals (1963), The Beach Boys (1964), Lou Rawls (1967), The Jackson 5 (1970),[8] The Carpenters (1978), The Pointer Sisters (1987), Neil Diamond (1992), Björn Again (1992), Mariah Carey på albumet Merry Christmas (1994),[9] George Strait (1996), Cartoons (1998), The Supremes (1999), Faith Hill (2008), Miley Cyrus (2008), Andrea Bocelli (2009), Wilson Phillips på albumet Christmas in Harmony (2010), Love Händel frå Phineas and Ferb (2010), Justin Bieber (2011), Cimorelli (2011), Michael Bublé (2011), Mark Salling og Cory Monteith på Glee (2011), Colbie Caillat (2012),[10] Rod Stewart på albumet Merry Christmas, Baby (2012), Richard Marx med Sara Niemietz (2012)[11][12] Tamar Braxton (2013), Dannii Minogue (2013)[13][14] og Pentatonix (2014).

Kjelder

Bakgrunnsstoff