Sandra Borch

Sandra Konstance Nygård Borch (fødd 23. april 1988) er ein norsk politikar for Senterpartiet. Ho var landbruks‑ og matminister 2021–2023, og forskings- og høgare utdanningsminister 2023–2024 i Regjeringa Støre.[1][2]

Sandra Borch

Fødd23. april 1988 (36 år)
Lavangen kommune
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedDet juridiske fakultetet ved Universitetet i Tromsø
Alle verv

Virke

Borch kjem frå Lavangen og var i tida mellom 2011 og 2013 leiar i Senterungdommen.[3]

Frå 2017 har ho representert Troms fylke og SenterpartietStortinget. På Stortinget var ho medlem i Energi- og miljøkomiteen 2017–2021.[4]

Statsråd

Frå 14. oktober 2021 til 4. august 2023 var ho landbruks‑ og matminister i Regjeringa Støre.[1][2] Den 4. august 2023 tok ho over som forskings- og høgare utdanningsminister.[5] Borch melde avgang den 19. januar 2024, og gjekk av den 23. januar, etter at det vart kjent at ho hadde plagiert 20 % av masteroppgåva si frå andre, tidlegare tekstar.[6][7]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Sandra Borch