Sanctuary av Iron Maiden

Sanctuary
av Iron Maiden
frå albumet Iron Maiden
A-side

«Prowler» (berre nederlandsk 12")

B-side

«Drifter» (Live)
«I've Got the Fire»

Språkengelsk
Utgjeve23. mai 1980
InnspeltJanuar-april 1980
SjangerHeavy metal
Lengd3:12
SelskapEMI
KomponistPaul Di'Anno, Dave Murray, Steve Harris
TekstforfattarPaul Di'Anno, Steve Harris, Dave Murray
Låtskrivar(ar)Iron Maiden[1]
ProdusentWill Malone
Iron Maiden-kronologi 
«Running Free»
(1980)
Sanctuary«Women in Uniform»
(1980)


«Sanctuary» er den andre singelen til det britiske heavy metal-bandet Iron Maiden. Songen kom ut som singel 23. mai 1980 og vart opphavleg ikkje gjeve ut på noko album. Han vart seinare lagt til den amerikanske versjonen av debutalbumet deira, Iron Maiden (1980). Då albumet kom ut på ny i 1998 med ny digital lyd, vart songen gjeven ut på albumet i alle land. I 1990 vart 12"-versjonen av singelen gjeven ut på CD og 12"-vinyl i plateboksen The First Ten Years, der han vart kombinert med den første singelen deira, «Running Free».

Historie

Den originale miksen av songen vart spelt inn i november 1979 og opphavleg gjeve ut på samleplata Metal for Muthas i 1980, med songar frå fleire andre artistar knytt til new wave of British heavy metal.[2] Bandet bestod då av fire mann med Doug Sampson på trommer.[3] Sjølv om samlinga vart slakta i Sounds, vart songane til Iron Maiden trekte fram som høgdepunkt, og bidraga deira vart skildra som «rusten heavy metal/punk-kryssingar og spennande smakebitar på det komande albumet deira.»[4]

Songen var alt fast på konsertane deira då han kom ut på 7"-vinyl den 16. mai under den britiske delen av Iron Maiden-turneen.[5] Denne versjonen av songen vart spelt inn under innspelinga av albumet Iron Maiden, og i følgje gitaristen Dave Murray var han «ti gonger betre enn den originale Metal for Muthas-versjonen.»[6] B-sida var to konsertopptak frå Marquee Club i London den 3. april 1980 - «Drifter» (som kom ut på det neste albumet deira, Killers) og ein versjon av ein Montrose-song, «I've Got the Fire».[1] Konsertversjonen av «Drifter» inneheld eit parti der publikum vert invitert til å syngje med songaren på «Yo Yo Yo», som er ein parodi på The Police-songen «Walking on the Moon».[7] Singelen gjorde det betre enn debutsingelen «Running Free», og gjekk inn på 33. plassen på den britiske singellista, før han nådde 29. plassen ei veke seinare.[6]

Sjølv om songen er tilskriven Iron Maiden,[1] vart han i følgje Metal Hammer-journalisten Dave Ling opphavleg skriven av gitaristen Rob Angelo, som var medlem av bandet i 1977 og som fekk £300 for rettane til songen.[3] Etter 1998 var songen tilskriven Murray, bassisten Steve Harris og songaren Paul Di'Anno.[8]

Plateomslag og kontrovers

Plateomslaget førte til kontroversar for bandet, sidan det synte maskoten deira, Eddie, som heldt ein kniv medan han bøygde seg over liket til den dåverande britiske statsministeren Margaret Thatcher.[9] Manageren til bandet, Rod Smallwood, forklarte konseptet: «Omslgaet er særs ironisk, som vanleg. PÅ den tida hadde Maggie vitja det gamle Sovjetunionen, og etter den harde innstillinga ho tok mot dei, fekk ho kallenamnet Jernjomfrua (Iron Maiden). Eddie vart fornærma for dette og enno meir då ho byrja å ta plakatane våre.»[9] Det var Smallwood sjølv som føreslo til EMI at omslaget med andletet til Thatcher skulle sensurerast «sidan det ville få merksemda til tabloidane og gje singelen publisitet.»[9]

Denne ideen vart ein suksess. Daily Mirror trykte ein artikkel om singelen, og publiserte det usensurerte omslaget, den 20. mai med overskrifta «It's murder! Maggie gets rock mugging.»[10] Skotske Daily Record publiserte òg ein artikkel som omtalte omslaget som «forferdeleg», og intervjua unge skotske konservative som kritiserte omslaget for å vere «særs dårleg smak».[11]

Margaret Thatcher vart omtalt på den neste singelen til bandet, «Women in Uniform», der ho søkjer hemn mot Eddie med eit maskingevær.[12]

Innhald

1980 7"-singel
Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Sanctuary»Iron Maiden3:16
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Drifter» (konsertopptak frå Marquee i London 3. april 1980)Steve Harris6:03
1980 12"-singel
Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Sanctuary»Iron Maiden3:16
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Drifter» (konsertopptak frå the Marquee, London 3 April 1980)Harris6:03
2.«I've Got the Fire» (Montrose cover; konsertopptak frå the Marquee, London 3 April 1980)Ronnie Montrose3:13

1980 12"-singel for Nederland

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Sanctuary»Iron Maiden3:16
Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Drifter» (konsertopptak frå the Marquee, London 3 April 1980)Harris6:03
2.«Prowler»Harris3:56

Medverkande

Henta frå omslaget til 7"-singelen.[1]

Iron Maiden
Produksjon

Lister

SingelListe (1980)PlasseringAlbum
«Sanctuary»UK Singles Chart29[13]Iron Maiden
SingelListe (1990)PlasseringAlbum
«Running Free / Sanctuary»UK Albums Chart[merk 1]10[14]

Fotnotar

Kjelder

Bakgrunnsstoff