San Marino i Eurovision Song Contest 2008

San Marino debuterte i Eurovision Song Contest 2008 i Beograd i Serbia med songen «Complice», framført på italiensk av Miodio. I november 2007 vart det offisielt stadfesta av Radiotelevisione della Repubblica di San Marino (SMRTV) at San Marino ville delta i Eurovision Song Contest.

Eurovision Song Contest 2008
Land San Marino
Nasjonal uttaking
UttakingIntern
Dato(ar)11. mars 2008
Artist(ar)Miodio
Song«Complice»
SpråkItaliensk
Låtskrivar(ar)Francesco Sancisi og Nicola Della Valle
Resultat
Semifinalepoeng5
Semifinaleplass19
FinalepoengX
FinaleplassX

Pop-rockgruppa Miodio representerte landet med den italienskspråklege songen «Complice». Debuten var ikkje særleg suksessfull og San Marino enda sist i den fyrste semifinalen med berre fem poeng.

Etter debuten trekte landet seg frå tevlinga i 2009 og kom ikkje attende før i 2011 på grunn av finansielle problem.

Bakgrunn

SMRTV annonserte i november 2007 at San Marino ville delta i Eurovision Song Contest for fyrste gong i 2008 for the first time in 2008.[1][2] Halvparten av aksjene i SMRTV tilhøyrde den italienske kringkastaren Radiotelevisione Italiana (RAI) som trekte seg frå tevlinga i 1997. SMRTV annonserte uansett offisielt sin deltaking i november 2007.[3][4]

Som kringkastar for tevlinga var det SMRTV som måtte velje ut kva for bidrag som skulle representere San Marino.[5] SMRTV valde å halde ein internt uttaking.[6]

Uttaking

Ein jury, leia av songaren Little Tony, var vald ut til å velje ut bidraget mellom songane som vart send inn av dei som var interessert i å delta. Siste frist for å levere inn songar var 25. februar 2008.[6][7][8] Då tidsfrista gjekk ut var det sendt inn 50 songar frå heile Europa.[9][10] Mange italienske songarar ynskte å representere San Marino, inkludert Jalisse som representerte Italia i 1997.[11][12] Fleire som sendte inn bidrag til SMRTV var mellom anna Massimo Bertacci og Michele Imberti.[13][14][15] «If You Never Back» av Elnur Hüseynov som var eit av bidraga i den aserbajdsjanske uttakinga og «We Are One» av Alexa som var eit av bidraga i den moldoviske uttakinga vart òg sendt inn til SMRTV.[9]

11. mars 2008 valde juryen den italiensk-sanmarinske gruppa Miodio til å vere dei fyrste til å representere San Marino i Eurovision Song Contest. Songen deira, «Complice», vart framført på italiensk.[10][16][17][18] Miodio var sett saman av vokalisten Nicola Della Valle, gitaristen Paolo Macina, bassisten Andrea Marco Pollice, keyboardisten Francesco Sancisi og trommeslagaren Alessandro Gobbi.

I Eurovision

Sidan berre dei fire store og vertslandet var direktekvalifisert til finalen måtte San Marino kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. 28 januar 2008 vart det stadfesta av San Marino ville delta i den fyrste semifinalen 20. maii 2008.[19] Sjølv om landet berre deltok i den fyrste semifinalen annonserte SMRTV at dei ville kringkaste båe semifinalane. Sidan SMRTV vert kringkasta i delar av Italia kunne ein for fyrste gong på fleire år sjå Eurovision Song Contest i Italia.[20]

Semifinalen

Miodio i semifinalen.

Miodio starta som nummer fem i den fyrste semifinalen 20. mai 2008. Gruppa nytta svarte klede på scena, men kvart medlem hadde ulik stil.[21][22] Designaren og dansaren Aniko Pusztai var med gruppa på scena. SMRTV sa at dei trudde koreografien var ein like viktig del av framføringa som sjølve songen.[23] Bakgrunnen på den store fjernsynsskjerma på scena var ein bylgja lyseblå farge.[21]

Framføringa til Miodio inspirerte ikkje publikum og San Marino fekk berre fem poeng: to poeng frå Andorra og tre poeng frå Hellas. San Marino enda dimed sist av totalt 19 bidrag.[21] Kvart land kunne gje maks tolv poeng til ein song, og berre dei ti beste landa gjekk vidare til finalen. Sidan San Marino enda sist i semifinalen gjekk landet ikkje vidare til finalen og vart òg det åttande landet som enda sist same år som det debuterte.[24]

Poeng frå San Marino
12 poeng Hellas
10 poeng Polen
8 poeng Armenia
7 poeng Noreg
6 poeng Romania
5 poeng Moldova
4 poeng Finland
3 poeng Nederland
2 poeng Israel
1 poeng Montenegro

Poeng til San Marino
12 poeng
10 poeng
8 poeng
7 poeng
6 poeng
5 poeng
4 poeng
3 poeng Hellas
2 poeng Andorra
1 poeng

Finalen

Poeng frå San Marino
12 poeng Hellas
10 poeng Israel
8 poeng Armenia
7 poeng Noreg
6 poeng Storbritannia
5 poeng Portugal
4 poeng Tyrkia
3 poeng Albania
2 poeng Danmark
1 poeng Romania

Etter Eurovision

Etter at landet enda sist i Eurovision Song Contest 2008 deltok Miodio på Golden Stag Festival i Romania samt på Pjesma Mediterana i Montenegro.[25][26][27] Dei drog òg på ein turné i Italia, San Marino og Moldova om sommaren.[28] I 2009 deltok gruppa i Internettdelen av Festival della Canzone Italiana di Sanremo, der dei enda mellom dei ti beste med songen «Evoluzione genetica».[29] I 2010 deltok dei att i della Canzone Italiana di Sanremo i kategorien Nuova generazione med songen «Perdo contatto».[30]

I mai 2008 vart det annonsert at vinnarturnéen ville slutte i San Marino etter å ha reist rundt i Europa.[31] Under turnéen sa den sanmarinske ungdomsministeren at San Marino hadde «eit godt håp om å returnere» i 2009.[32][33] Fleire songarar annonserte at dei ville representere San Marino, inkludert Little Tony.[34][35]

Det gjekk rykte om at SMRTV ville trekkje seg tevlinga i 2009 på grunn av den dårlege plasseringa i 2008, men SMRTV stadfesta at dei var interessert i å delta.[36][37] SMRTV måtte uansett trekkje seg på grunn av økonomiske problem.[38][39] SMRTV deltok heller ikkje i 2010 av di ingen ville sponse deltakinga. Dette skjedde etter at SMRTV hadde vald den italienske duoen Paola & Chiara til å representere San Marino.[40] San Marino kom attende til Eurovision Song Contest i 2011.

Kjelder

Fotnotar