Dei sameinte nasjonane (avstytta SN eller FN (etter bokmålDe forente nasjoner)) er ein internasjonal organisasjon som har som mål å få alle landa i verda til å samarbeida. Det er om lag 193 sjølvstendige anerkjende statar som er medlem av SN. Vatikanstaten og Palestina er ikkje medlem, men er observatørar.[2] I tillegg har organisasjonen ein stor administrasjonsstab som blir leidd av ein generalsekretær.
Organisasjonen har ei generalforsamling der representantar frå alle medlemslanda sit. Tryggingsrådet er eit mindre organ med ein handfull land som har moglegheit til å handla raskare. Generalforsamlinga og administrasjonen til SN ligg i New York. SN har òg dotterorganisasjonar som konsentrer seg om ulike felt, som UNICEF (barn), UNESCO (kultur), WHO (helse), UNHCR (flyktningar) og UNHCHR (menneskerettar). Organisasjonen har seks offisielle språk; engelsk, fransk, spansk, russisk, arabisk og kinesisk (mandarin).
SN er ein etterfølgjar av det eldre Folkeforbundet. SN blei til etter Den andre verdskrigen, på ein konferanse i San Francisco der femti statar var med. 24. oktober1945 hadde dei fleste landa som var med ratifisert avtalen, og dette vert derfor rekna som grunnleggjingsdagen.