I snitt har hava eit saltinnhald på 3,5 %, det vil seie at ein finn 35 gram salt i ein liter havvatn. Det er likevel forskjell mellom ulike hav; austre delen av Finskebukta og nordenden av Botnvika, begge i Austersjøen, er dei minst salthaldige delane av verdshava, medan Raudehavet har høgast innhald av salt.
Det salte vatnet kan berre brukast som drikkevatn etter å ha blitt avsalta. Kroppen vil nemleg måtte bruka meir vatn på å skilja ut minerala i vatnet gjennom urinen enn det han får i seg ved å drikka det.
Menneska har ofte undra seg over kvifor det finst så mykje salt i havet, og forteljinga om ei kvern som står og mel salt på havbotnen har vore utbreidd over store delar av verda.
Den vitskaplege forklaringa, først føreslått av Edmond Halley i 1715, er at elvar fører med seg store mengder mineral til havet etter at dei er blitt vaska ut av grunnen av regn. I tillegg har ein seinare funne at ein stor del natrium lak ut frå havbotnen då verdshava blei til.