S!sters

S!sters var ein kortliva tysk popduo som bestod av songarane Laura Kästel og Carlotta Truman. Duoen representerte Tyskland i Eurovision Song Contest 2019 med songen «Sister» etter å ha vunne den tyske songtevlinga Unser Lied für Israel 22. februar 2019.[1][2] Duoen vart oppløyst i februar 2020.[3]

S!sters

Aktiv2019-2020
Sjangerpop

Bakgrunn

S!sters vart sett saman i høve den tyske tevlinga Unser Lied für Israel i 2019, men begge medlemmane hadde fleire år med song- og sceneerfaring frå tidlegare.

Charlotta Truman

Charlotta Truman (fødd 19. oktober 1999) vaks opp i ein tysk-britisk familie i Hannover, og byrja å syngje som barn.[4] Allereie som tolvåring i 2011 mottok ho fem Deutscher Rock & Pop Preis-utmerkingar, blant anna som beste solosongar.[5] I 2014 song ho saman med rockebandet Revolverheld på NDR 2 Papenburg festival framfor 25 000 tilskodarar, og same år deltok ho i talenttevlinga The Voice Kids. Nyttårssaftan 2017–18 opptredde ho under ZDF sitt nyttårsshow frå Brandenburger Tor.[2]

Laura Kästel

Laura Kästel (fødd 29. september 1992), med artistnamnet Laurita Spinelli, kjem frå ein tysk-filippinsk familie frå Königsau i Rheinland-Pfalz. Mora hennar er songar, medan faren er pianist.[4] Som tiåring i 2002 vann ho Kiddy Contest, ei tv-send songtevling på ZDF for barn mellom 8 og 14 år.[6] Etter vidaregåande skule byrja ho å skrive songar, og ho fekk jobb som støttevokalist under turneen til The Voice of Germany. Ho har vore støttevokalist for songaren Lena, men har òg jobba med å skrive og produsere songar til debutalbumet sitt.[2] Ho bur no i Wiesbaden.

Som duo

Truman og Kästel vart sett saman til duo i høve den tyske tevlinga Unser Lied für Israel til Eurovision Song Contest 2019.[4] Duoen kalla seg S!sters, og dei deltok med låten «Sister», skriven av Laurell Barker, Marine Kaltenbacher, Tom Oehler og Thomas Stengaard.[7] Den tyske finalen vart arrangert i Berlin fredag 22. februar, og «Sister» var det sjuande og siste bidraget ut i tevlinga. I avrøystinga fekk duoen høgaste poeng frå den internasjonale juryen og tv-sjåarane, og vann dimed tevlinga samanlagt. S!sters fekk dimed representere Tyskland i finalen av Eurovision Song Contest i Tel Aviv laurdag 18. mai. I finalen fekk duoen null poeng i telefonavrøystinga, men 24 poeng frå juryane. Dei enda til slutt som nummer 25 av 26 bidrag.[8]

Året etter, i februar, 2020, oppløyste Truman og Kästel gruppa for å satse på sine eigne solokarrierar.[3]

Referansar