Rubycon av Tangerine Dream

Rubycon
Studioalbum av Tangerine Dream
Språkinkje språkleg innhald
Utgjeve21. mars 1975
InnspeltJanuar 1975
StudioThe Manor, Shipton-on-Cherwell
Sjanger
Lengd34:53
SelskapVirgin
ProdusentTangerine Dream
Tangerine Dream-kronologi 
Phaedra
(1974)
RubyconRicochet
(1975)


Rubycon er det sjette studioalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream, gjeve ut i 1975.[1] Det vert ofte trekt fram som eit av dei beste albuma deira. Rubycon utforskar vidare den analoge sekvenserbaserte stilen innan Berlin-skulen dei hadde starta med på tittelsporet frå Phaedra.

Sjølv om det ikkje selde like bra som Phaedra, nådde Rubycon høgare opp på den britiske salslista med ein 10. plass.[2]

Musikk

Albumet består av to lange spor, som kvar er over 17 minuttar lange. «Rubycon, Part One» utgjer A-sida av plata og «ebbar og flyt gjennom tette bølgjer av ekko og Mellotron-kor, medan primitive sequencer-linjer bobler til overflata».[3] B-sida «Rubycon, Part Two», «opnar på ein vedunderleg stemningsskapande måte» før «synthesizer-arpeggioar kjem attende for å drive det heile vidare».[3]

Mottaking

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic [3]
Head Heritagepositiv[4]

Tom Moon tok med Rubycon i boka si 1,000 Recordings to Hear Before You Die frå 2008 og sa: «Denne seglande lydvisjonen, som stadig utfoldar seg, men som aldri heilt når fram, har blitt etterlikna i det uendelege sidan 1975. Men på ein eller annan måte har ikkje ovundrarane klart å fange openheita og den fjerne stordomen til Tangerine Dream.»[5]

I boka Digital Gothic: A Critical Discography of Tangerine Dream frå 1997 hylla journalisten Paul Stump albumet og skreiv: «Rubycon er rett og slett ei forbetring av føregangaren—men teken til det ypparste, og demonstrerer atdei meistrar primitiv teknologi på ein fantastisk dristig og uthaldande måte med rein kunstnarisk visjon. Det er truleg det beste albumet bandet laga…»[6]

Turné

Etter albumet kom ut vart Moog synthesizeren til Christopher Franke øydelagd under transport og Franke sjølv mista nesten livet då han fekk elektrisk støyt.[7]

Innhald

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Rubycon, Part One»17:18
Side to
Nr.TittelLengd
2.«Rubycon, Part Two»17:35

Medverkande

  • Edgar Froese - mellotron, gitar og VCS 3 synthesizer på «Rubycon, Part One» ; orgel, mellotron, gitar, gong og VCS 3 synththesizer på «Rubycon, Part Two»
  • Christopher Franke - dobbel Moog synthesizer, Synthi A, orgel, modifisert Elka-orgel og handsama piano på «Rubycon, Part One» ; dobbel Moog synthesizer, gong, Synthi A og orgel på «Rubycon, Part Two»
  • Peter Baumann - orgel, EMS Synthi A, elektrisk piano (Fender Rhodes) og handsama piano på «Rubycon, Part One» ; elektrisk piano (Fender Rhodes), orgel, EMS Synthi A, røyst og ARP 2600 på «Rubycon, Part Two»
Teknisk
  • Monique Froese – fotografi
  • Mick Glossop – lydteknikar
  • Roland Paulick – teknisk assistent

Kjelder