Rock 'n' Roll Cities

Rock 'n' Roll Cities
Singel av The Kinks
frå albumet Think Visual
B-side

«Welcome to Sleazy Town» (USA)

Utgjeve17. november 1986
InnspeltJanuar 1986 og juni-august 1986
StudioKonk Studios i London
SjangerRock
Lengd3:43
SelskapMCA
Låtskrivar(ar)Dave Davies
ProdusentRay Davies
The Kinks-kronologi 
«Do It Again»
(UK, 1984)
---
«Summer's Gone»
(US, 1985)
Rock 'n' Roll Cities«How Are You»
(1987)


«Rock 'n' Roll Cities» er ein song av den engelske rockegruppa The Kinks. Songen kom ut i 1986 på albumet Think Visual og var skriven av Dave Davies.

Den tidlegare Kinks-trommeslagaren Mick Avory spelar på songen, trass i at han slutta i bandet i 1984 under innspelinga av Word of Mouth på grunn av krangling med Dave Davies.[1] Dette var den siste Kinks-songen Avory spelte på. Dave Davies har sidan rost spelinga til Avory på songen og sa «Eg likte verkeleg tromminga til Mick på Rock 'n' Roll Cities.»[2]

Utgjeving

«Rock 'n' Roll Cities» kom ut i november 1986 på albumet Think Visual.[3] Same dagen som albumet kom ut, vart songen gjeven ut på singel i Amerika, med B-sida «Welcome to Sleazy Town».[4]

Musikkvideo

For å marknadsføre songen vart det laga ein musikkvideo.[5] I videoen forsvinn Ray Davies og resten av bandet (inkludert Dave Davies, om er travel med kone og barn) prøver å finne anten Ray eller ein erstattar. Til slutt finn ein Ray. Blant dei mange som prøveselte som erstattar for Ray kan ein sjå folk kledde som Freddie Mercury og Rick Astley.[6] I tillegg spelte Mick Avory i videoen. Marina Sirtis, som spelte Deanna Troi i fjernsynsserien Star Trek: The Next Generation, spelte kona til Dave Davies i videoen.[5]

Kjelder