Ricochet av Tangerine Dream

konsertalbum av Tangerine Dream
Ricochet
Konsertalbum av Tangerine Dream
UtgjeveDesember 1975
InnspeltOktober 1975 (studio)
23. oktober 1975 (live)
StudioThe Manor Studio i England
SpelestadFairfield Halls i Croydon i London
SjangerElektronisk, kosmische musik
Lengd38:15
SelskapVirgin
ProdusentTangerine Dream
Tangerine Dream-kronologi 
Rubycon
(1975)
RicochetStratosfear
(1976)


Ricochet er det sjuande albumet og det første konsertalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream. Albumet kom ut i 1975. Det består av to lange komposisjonar miksa frå opptak frå konsertar i England og Frankrike hausten 1975. Stilen er mykje lik dei andre platene dei gav ut på Virgin Records i denne perioden, med stor vekt på synthesizerar og sekvenserar til å skape eit tett ambient lydlandskap. På Ricochet vert det nytta meir perkusjon og elektrisk gitar enn på dei førre albuma Phaedra og Rubycon, på grensa til elektronisk rock. Den største innovasjonen på albumet er bruken av komplekse rytmar i fleire lag, noko som varsla om retninga bandet tok i 1980-åra, men òg trance-musikk og likande sjangrar innan elektronisk dansemusikk.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[1]

Mykje av råmaterialet for Ricochet, særleg del 2, vart spelt inn i Fairfield Halls i Croydon i London, under konserten deira der i oktober 1975. Den originale, uredigerte versjonen av opptaket kan høyrast i sett 3 av The Bootleg Box Set Vol. 1.[2] Kvar dei andre opptaka vart henta frå har det så langt ikkje vore mogeleg å finne ut av.

Etter at både Phaedra og Rubycon hadde nådd Topp 20 på albumlista i Storbritannia, gjorde Ricochet det mindre bra, og låg berre fire veker inne på salslista med ein 40. plass som høgaste plassering.[3] I nyare tid har derimot Ricochet vorte trekt fram som eit av dei mest populære Tangerine Dream-albuma.[4]

Innhald

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Ricochet, Part One»17:02
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Ricochet, Part Two»21:13

Medverkande

Singlar

To singlar vart gjevne ut i Frankrike og Australia med utdrag frå albumet:

  • «Ricochet (Part I)» – «Ricochet (Part II)»
  • «Excerpt From Ricochet»

Kjelder