Regnskogen i Amazonas

Regnskogen i Amazonas er ein økoregion i eit fuktig tropisk regnskogsbiom som dekkjer det meste av Amazonasbekkenet i Sør-Amerika. Dette nedbørsfeltet omfattar ca. 7,3 millionar km²,[2][3] kor 5,5 millionar km² er dekt av regnskogen. Regionen inkluderer territorium som tilhøyrer ni nasjonar og 3 344 formelt anerkjende urfolksterritorium.

Regnskogen i Amazonas
Økoregion
Flyfoto nær Manaus
Land Brasil,  Peru  Colombia,  Bolivia  Ecuador,  Venezuela  Fransk Guyana,  Guyana  Surinam
Del avSør-Amerika
Areal5 500 000 km²
Folketal 34 000 000[1]
Wikimedia Commons: Amazon Rainforest

Størstedelen av skogen, 60 %, er i Brasil, følgt av Peru med 13 %, Colombia med 10 %, og med mindre mengder i Bolivia, Ecuador, Fransk Guyana, Guyana, Surinam og Venezuela. Fire nasjonar har «Amazonas» som namnet på ein av dei administrative regionane sine på første nivå, og Frankrike bruker namnet «Guiana Amazonian Park» for verna regnskogområde i Fransk Guyana. Amazonas representerer over halvparten av jordas attverande regnskogar,[4] og omfattar den største og mest biologisk mangfaldige delen av tropisk regnskog i verda, med om lag 390 milliardar individuelle tre fordelt på rundt 16 000 artar.[5]

Meir enn 30 millionar menneske av 350 ulike etniske grupper lever i Amazonas, som er delt inn i 9 ulike nasjonale politiske system og 3344 formelt anerkjende urfolksterritorium. Urfolk utgjer 9 % av den totale befolkninga, og 60 av gruppene held stort sett fram med å leve isolerte.[6]

Storskala avskoging skjer i regnskogen, og skaper ulike skadeverknader. Økonomiske tap på grunn av avskoging i Brasil kan vere omtrent 7 gonger høgare samanlikna med kostnadene for alle varer produserte gjennom avskoging. I 2023 publiserte Verdsbanken ein rapport som foreslo eit ikkje-avskogingsbasert økonomisk program i regionen.

Etymologi

Under reisa i 1541-1542 frå Napo i Ecuador nedstraums mot Atlanterhavet, nådde Francisco de Orellana territoriet til piratapuyo-folket og kom i strid med dei. Kvinnene i stammen kjempa ved sida av mennene, slik skikken deira var. Orellana namnsette Amazonaselva frå myter om amasonane i gresk mytologi, skildra av Herodot og Diodorus.[7] Opphavet til termen Amazon er uklårt.[8]

Geografi

Manaus, med 2,2 millionar innbyggjarar, er den største byen i Amazonasbassenget
Yanomamiar er ei gruppe på omtrent 32 000 urfolk som lever i Amazonas regnskog.[9]
Medlemmer av ein ukontakta stamme som vart møtt i den brasilianske delstaten Acre i 2009
Ribeirinhos bustader. Ribeirinhos er eit tradisjonelt samfunn av ikkje-urfolk i Amazonas regnskog, som lever nær elver

Plassering

Utstrekninga av Amazonasbassenget, som i stor grad samsvarar med mesteparten av regnskogen, er innanfor grensene til ni land, det meste, 58,4 %, ligg innanfor Brasil. Fordelinga av arealet mellom dei andre landa er Peru med 12,8 %, Bolivia med 7,7 %, Colombia med 7,1 %, Venezuela med 6,1 %, Guyana med 3,1 %, Surinam med 2,5 %, Fransk Guyana med 1,4 % og Ecuador med 1 %.[10]

Opphavet

Regnskogen vart sannsynlegvis danna under eocen-tida frå 56 millionar år til 33,9 millionar år sidan. Han dukka opp etter ein global reduksjon av tropiske temperaturar då Atlanterhavet hadde utvida seg tilstrekkeleg til å gi eit varmt, fuktig klima til Amazonasbassenget. Regnskogen har eksistert i minst 55 millionar år, og det meste av regionen heldt fram med å vere fri for biom av savannetypen i det minste fram til den noverande, kenozoiske, istida då klimaet var tørrare og savannane meir utbreidde.[11][12]

Etter krit-tertiær-utryddinga, kan utryddinga av dinosaurane og det våtare klimaet ha tillate den tropiske regnskogen å spreie seg ut over kontinentet. Frå 66 til 34 millionar år sidan strekte regnskogen seg så langt sør som 45°. Klimasvingingar dei siste 34 millionar åra har tillate savanneregionar å utvide seg inn i tropane. Under oligocen, til dømes, spente regnskogen over eit relativt smalt band. Han utvida seg igjen i løpet av midt-miocen, og trekte seg deretter tilbake til ein for det meste innlandsformasjon ved det siste ismaksimumet.[13] Likevel klarte regnskogen framleis å trivast under desse istidene, noko som mogleggjorde overleving og utvikling av eit breitt mangfald av artar.[14]

Ein trur at dreneringsbassenget til Amazonas i løpet av midtre eocen vart delt av eit vasskilje (Purus-bogen, ein invertert graben) langs midten av kontinentet. Vatn på austsida rann mot Atlanterhavet, medan i vest strøymde vatn mot Stillehavet over Amazonas-bassenget. Då Andesfjella reiste seg i vest, vart det skapt eit stort basseng som omgav ein innsjø; no kjent som Solimões-bassenget. Dei siste 5–10 millionar åra braut dette akkumulerande vatnet gjennom Purus-bogen og slutta seg til den austlige straumen mot Atlanterhavet, Amazonaselva.[15][16]

Det er bevis på at det har vore store endringar i Amazonas regnskogvegetasjon dei siste 21 000 åra gjennom det siste ismaksimumet (LGM) og følgjande deglasiasjon. Analysar av sedimentsavsetjingar indikerer at nedbøren i Solimões-bassenget under LGM var lågare enn no, og dette var nesten heilt sikkert assosiert med redusert fuktig tropisk vegetasjonsdekke i bassenget.[17] I dag får Amazonas omtrent 2700 mm nedbør årleg. Det er likevel ein debatt om kor omfattande denne reduksjonen var.

Støv frå Sahara vart blåst til Amazonas

Meir enn 56 % av støvet som gjødslar Amazonas regnskog kjem frå Bodélé-depresjonen i Nord-Tsjad i Sahara. Støvet inneheld fosfor, viktig for plantevekst. Det årlege Sahara-støvet erstattar tilsvarande mengd fosfor som årleg blir vaska bort i amazonasjord frå regn og flaum.[18]

Med hjelp av «miljøsatellitten» CALOPSO har ein målt mengda støv som blir transportert med vinden frå Sahara til Amazonas: eit gjennomsnitt på 182 millionar tonn støv vert blåst ut av Sahara kvart år, på 15 grader vestleg lengd, over 2600 km over Atlanterhavet (noko støv fell ned i Atlanterhavet), deretter på 35 grader vestleg lengd på austkysten av Sør-Amerika, fell 27,7 millionar tonn (15 %) støv over Amazonasbassenget (22 millionar tonn av det beståande av fosfor), 132 millionar tonn støv blir verande i lufta, 43 millionar tonn støv er vindblåst og fell på Karibiahavet, forbi 75 grader vestleg lengdegrad.[19]

CALIPSO bruker ein laseravstandsmålar for å skanne jordatmosfæren for vertikal fordeling av støv og andre aerosolar. CALIPSO sporar jamleg Sahara-Amazon-støvskya. CALIPSO har målt variasjonar i transporterte støvmengder – eit fall på 86 prosent mellom den høgaste mengda støv som vart transportert i 2007 og den lågaste i 2011.

Fosfor kjem også til Amazonas som røyk på grunn av biomassebrenning i Afrika.[20][21]

Menneskeleg aktivitet

Basert på arkeologiske bevis frå ei utgraving ved Caverna da Pedra Pintada, busette menneske seg først i Amazonas-regionen for minst 11 200 år sidan.[22] Etterfølgjande utvikling førte til sein forhistoriske busetjingar langs periferien av skogen innan 1250 e.Kr., noko som førte til endringar i skogdekket.[23]

Lenge trudde ein at Amazonas regnskog aldri var meir enn tynt folkesett, då ein meinte det dårlege jordsmonnet gjorde det umogleg å halde oppe ein stor folkesetnad. Arkeolog Betty Meggers var ein framståande talsmann for denne ideen, som skildra i boka hennar Amazonia: Man and Culture in a Counterfeit Paradise. Ho hevda at ein befolkningstettleik på 0,2 innbyggjarar per kvadratkilometer er det maksimale som kan haldast oppe i regnskogen gjennom jakt, med jordbruk nødvendig for å vere vert for ei større befolkning.[24] Nyare antropologiske funn har likevel antyda at regionen faktisk var folkerikt. Omtrent 5 millionar menneske kan ha levd i Amazonas-regionen i 1500 e.Kr., fordelt mellom tette kystbusetnader, slik som ved Marajó, og innbyggjarar i innlandet. I 1900 hadde befolkninga falle til 1 million og på byrjinga av 1980-talet var det færre enn 200 000 som levde i regionen.[25]

Frå 1970-talet og frametter, har mange geoglyfar vorte oppdaga på avskoga land som blir datert mellom 1–1250 e.Kr., noko som fremjar påstandar om førkolumbiske sivilisasjonar.[26][27][28] BBC-serien Unnatural Histories presenterte bevis på at Amazonas regnskog, snarare enn å vere ei urørt villmark, har vorte forma av mennesket i minst 11 000 år gjennom praksisar som skogshagearbeid og terra preta.[29] Terra preta finst over store område i Amazonasskogen; og er no allment akseptert som eit produkt av jordforvalting blant utfolk. Utviklinga av denne fruktbare jorda tillét jordbruk og skogbruk i det tidlegare fiendtlege miljøet; noko som betyr at store delar av Amazonas regnskog sannsynlegvis er eit resultat av hundreår med menneskeleg forvalting, snarare enn naturleg førekommande som tidlegare har vore grunn til å tru.[30] I regionen til xingufolket vart restar av nokre av desse store busetjingane midt i Amazonas-skogen funne i 2003 av Michael Heckenberger og kollegaer ved University of Florida. Blant desse var prov for vegar, bruer og store torg.[23]

Møte med europeiske folk og strid

Den første europearen som reiste langs Amazonas-elva var Francisco de Orellana i 1542.[31] Serien Unnatural Histories presenterer prov på at Orellana, snarare enn å overdrive påstandane sine som tidlegare trudd, var korrekt i observasjonane sine om at ein kompleks sivilisasjon blomstra langs Amazonas på 1540-talet. Det førkolumbiske jordbruket i Amazonas-bassenget var tilstrekkeleg avansert til å støtte velståande og folkerike samfunn. Det er grunn til å tru at sivilisasjonen seinare vart øydelagd av spreiinga av sjukdommar frå Europa, slik som koppar.[29] Denne sivilisasjonen vart undersøkt av den britiske oppdagaren Percy Fawcett på byrjinga av det tjuande hundreåret. Resultata av ekspedisjonane han gjorde var uslåelege, og han forsvann på mystisk vis på den siste turen han tok. Byen Z er nemninga han gav denne tapte sivilisasjonen.Munduruku er eit tidlegare krigersk folkeslag som ekspanderte langs Tapajós-elva med sideelver og vart frykta av nabostammar. På byrjinga av 1800-talet vart munduruku pasifisert og underkua av brasilianarane.[32]

På 1950-talet støtta den brasilianske oppdagaren og forsvararen av urfolka, Cândido Rondon, Villas-Bôas-brødrene i ein kampanje som møtte sterk motstand frå regjeringa og gardbrukarane i Mato Grosso og førte til etableringa av den første brasilianske nasjonalparken for urfolk langs Xingu-elva i 1961.[33]

I 1961 vart den britiske oppdagaren Richard Mason drepen av ein ukontakta amazon-stamme kjent som Panará.[34]

Matsésfolket ved Yavarí tok første gongen permanent kontakt med omverda i 1969. Før den datoen var dei faktisk i krig med den peruanske regjeringa.[35]

Biologisk mangfald, flora og fauna

Fuktige tropiske regnskogar er det mest artsrike biom som eksisterer på jorda,[36] og tropiske skogar i Amazonas er meir artsrike enn dei våte skogane i Afrika og Asia,[37] Amazonas har soleis ein unikt høg biodiversitet.

Det biologiske mangfaldet i Amazonas blir nå stadig meir trua, først og fremst av tap av habitat frå avskoging og dessutan auka hyppigheit av brannar. Over 90 % av Amazonas plante- og virveldyrartar (13 000-14 000 totalt) kan i ei viss grad ha vorte påverka av brannar.[38]

Vegetasjon

Oversyn skogtaket danna av trekroner. Bilete frå observasjonstårn, 50 meter over bakken, nord for Manaus

Sett ovanfrå er regnskogen i Amazonas synleg som eit einskapleg og ubrote grønt dekke som strekk seg bortom horisonten. Når ein kjem nærare byrjar blir den enorme kompleksiteten synleg som variasjon av vegetasjonen. På 4000 m² (2/3 fotballbane) har ein talt så mange som hundre treslag, og nesten ingen av dei med fleire enn eit eksemplar kvar.[39]

Skogen i Amazonas kan nett som i dei fleste regnskogane bli delt opp i ulike høgdesjikt. Øvst i regnskogen, 30 - 40 meter over bakken, strekk seg lyskrevjande kjemper som dannar det som synest som ugjennomtrengeleg skogtak, kronesjiktet. Vanlege artar i det øvste sjiktet er gummitre, paranøtter og sapucaia (paradisnøtt, Lecythis). Visse andre treslag, kalla «emergentar», veks enno høgare, opptil 60–70 meters høgd, og dannar spreidde «øyar» overfor skogtaket. Dette er emergent-sjiktet der trea har omfattande rotsystem som hjelper til å støtte trea når stormar trekkjer forbi.[39][40]

Under kronesjiktet finn ein mellomsjiktet med skuggetolerante tre, til dømes ulike artar palmar, fiken og mahogni. Ei stor mengd epifyttar, plantar som lever på andre plantar, veks opp til dette nivået. Døme på desse er tallause artar orkidear, mosar og lav. Alt er forbunde med eit omfattande nettverk av lianar.[39]

Botnsjiktet er det lågaste nivået i regnskogen er nesten utan unntak heilt i skugge. Med avgrensa lysmengd nede på bakken, vil få plantar trivest her og dei som veks her veks langsamt. På skogbotnen finst nedfallsblad og anna organisk mareriale som blir broten ned av virvellause dyr.[41][42]

Over 40 000 ulike planteartar frå Amazonas er skildra vitskapleg, men det verkelege talet venteleg langt større enn det.[43]

Insekt

Titanus giganteus, ein trebukk, ei opptil 17 lang bille frå Amazonas
Herkulesbille (Dynastes hercules) frå Iquitos, Peru

Det store fleirtalet av alle dyrearter i Amazonas er insekt. Overslag ligg på fleire titals millionar artar, studiar av innsamla insekt frå feltarbeid legg til fleire tidlegare ukjente artar og artsgrupper. Eit døme på det er eit innsamlingsarbeid utført ikkje langt frå Manaus i Brasil. Forskarar samla inn titusenvis av insekt frå bakkenivå og opp til 32 meters høgd. Studien av materialet fann at omtrent 60 % av insekta i regionen lever i trekroner, på nivå frå åtte meter og høgare. Det vart funne artar og heile slektsgrupper som ikkje tidlegare var skildra av vitskapen. I ei første prøvetaking på 37 778 individ var tovenger (Diptera) mest talrik med nær 17 000 individ. Sytten andre ordenar var òg representerte i prøven. Insekt som lever som predatorar, parasittar og soppetande insekt var alle representerte over ulike høgdenivå i trea.[44]

Det har lenge vore ei utbreidd tru på at insekt i tropane er både større og meir fargerike enn i tempererte strøk. Men stor diversitet blant mange grupper av insekt i tropane kan gje eit feil inntrykk. Likevel er har ei metodisk samanlikning av sommarfuglar på utvalde stader i tropisk Ecuador, subtropisk Florida og i kjølig temperert klima i Maine i USA indikert at tropiske artar har sterkaste fargemetting og sterkaste intensitet i fargene.[45]

Vitjande menneske til regnskogen i Amazonas vil ofte oppleve insekta meir leie og farlegare enn dei farane mange først tenkjer på, slik som anakondaer, pirajaer eller kaimanar. Enorme mengder mygg plagar både dyr og menneske og kan overføre sjukdommar som malaria og gulfeber. Dessutan finst det aggressive maurar som alltid gjer seg minte.[39] Paraponera er rekna å ha det mest smertefulle stikket av alle maurar.

Dei insekta som ofte blir sett på som mest utrivelege er likevel visse sandfluger, som har bit som kan klø i dagevis, somme artar som Lutzomyia, fungerer som sjukdomsvektorar i Amazonas.[46] Andre vanlege insektartar i regnskogen er eldfluger, bin, geithamsar, kvefsar, biller, kakerlakkar, skolopendrar, sikadar, skorpionar, flåttar og sommarfuglar.[39]

Pattedyr

Jaguar, ein av over 800 kjende pattedyrartane i regnskogen i Amazonas

Mellom 427[47] og cirka 800 artar pattedyr har så langt vorte konstatert leve i regnskogen i Amazonas,[48] brorparten av dei er flaggermus og gnagarar. Trass den store artsrikdomen blir besøkjande ofte overraska av at dei ser så få pattedyr. Årsaka er til stor del at mange av Amazonas pattedyr er nattaktive eller berre lever høgt oppe i trea. Mange av pattedyra er òg veldig skjerre.[49]

Den talrike gnagargruppa inkluderer flodsvin – verdas største gnagar som kan vekse til 90 kg. Òg store flaggermus lever her, visse med eit vengspenn på ein meter. I regnskogen lever òg jaguaren som er det største kattedyret i Amerika og dessutan fleire artar av beltedyr, maurslukarar og dovendyr. Aper blir sett på ofte av allmenta som det typiske dyret for Amazonas, og her blir funne òg ei stort mengd artar aper med opptil eit tital artar på same plass. Fleire artar av hjortedyr og villsvin lever òg i regnskogen, nemnast bør òg den spesielle tapiren som er det største landlevande pattedyret i Amazonas og i heile Sør-Amerika.[49][50]

I Amazonaselva lever to artar av ferskvassdelfinar. Dessutan lever den uvanlege amazonmanaten her, ein av tre artar manatar i verda.[49]

Fuglar

Tocotukan (Ramphastos toco)
Breinebbmotmot (Electron platyrhynchum)
Grønhonningetar (Chlorophanes spiza) er eit døme på ein fargerik sporvefugl i tropane.

Sør-Amerika er heimen til rundt ein tredel av verdas fugleartar, og over 1 300 av dei lever i regnskogen i Amazonas.[51] Av og til kan ein observere over 500 artar berre på nokre få kvadratkilometer.[52] Nokre artar er trekkfuglar til Amazonas, både frå sør i den australske vinteren og frå nord i arktiske vinteren. Dei fleste er standfuglar. Dei mest talrike fuglegruppene er tyrannar (ca. 160), maurfuglar (136), spettefuglar (98), tanagarar (95), omnfuglar (86), papegøyefuglar (58), kolibriar (57) og haukefuglar (45). Det totale talet ligg på ca. 1250 artar i brasiliansk Amazonas,[51] i tillegg kjem nokre artar som er spesifikke for andre land, anslagsvis 50-100 artar.

Det høge artstalet på avgrensa og isolert areal er eit uttrykk for spesialiseringsgrad på føde og habitatstype i ein ytterst avgrensa biotop. Dette får til følgje at berre få eksemplar av kvar art kan overleve i den avgrensa biotopen. Så lenge regnskogen er intakt inneberer dette ingen store problem, men når regnskogen blir fragmentert kan sånne artar få vanskar med å overleve. Desse artane er oftast dei første å forsvinne frå eit område, fordi livskraftige populasjonar ikkje finn nok plass i eit innskrenka skogfragment.[49] Olivenkolibri (Talaphorus chlorocercus) er endemisk til øvre Amazonaselva og er døme på ein art med sære krav til habitat.[53]

Ein kjend fuglefamilie i Amazonas er tukanar, som er ganske store og overvegande svarte i fjørdrakta. Det enorme og ofte fargerike nebbet er karakteristisk. Nebbet fungerer som eit effektivt reiskap for å plukke frukt og bær og gjev tukanar ei vid rekkjevidd utan å flytte kroppen under beiting.[54] Det har òg ein funksjon som termoregulerande organ.[55] Nebbet er monaleg lettare enn det ser ut å vere, med ein ganske tom struktur forsterka med tverrstavar.[56]Det har lenge vore uttalt at dyr og fuglar nær ekvator er meir fargerike enn på høge breiddegrader. Nokre undersøkingar har komme til motsett konklusjon medan andre har stadfesta teorien. Ei grundig undersøking av 24 000 eksemplar av sporvefuglar har synt at fuglar som lever nær ekvator tenderer til å vere 30 % meir fargerike enn dei i nord og sør.[57]

Fiskar

Arapaima, ein av verdas største ferskvassfiskar, kan bli over tre meter lang

Regnskogen i Amazonas har fleire ferskvassfiskartar enn noko anna elvesystem i verda; meir enn 3 000 artar er funne og skildra, og kanskje like mange artar er framleis ukjende. Ein einaste dam i Amazonas kan innehalde fleire fiskeartar enn alle elver i Europa til saman, og ein kjenner fleire artar i Amazonas enn i Atlanteren.[43]

Fleire fiskeartar i Amazonas, til dømes tambaqui (Colossoma macropomum), fungerer som frøspreiarar, og fleire artar er heilt avhengige av kvarandre for å overleve. Ein annan fiskeart i Amazonas, Arapaiman, er truleg den største ferskvassfisken i verda, og han kan nå ei lengd på tre meter og vege 200 kg.[58] Mange populære akvariefiskar som neontetra, algeetande mallar og diskusar har opphavet sitt i Amazonas.[treng kjelde]

Krypdyr

Den illgjetne grøne anakondaen (Eunectes murinus), ein av reptilartane i Amazonas

Nærare 380 krypdyrartar har vorte observert i regnskogen i Amazonas.[43] Opp imot 100 artar har vorte konstatert leve på same område i skogen. Dei fleste lever livet sitt i sjymunndagen og er ganske uinteressante, men det blir funne meir spektakulære artar. Dei viktigaste krypdyrgruppene i Amazonas er ormar, øgler, skjelpadder og kaimanar.

Krypdyra i Amazonas går aldri i dvale, men er aktive året rundt. Dei fleste er kjøtetarar og den svarte kaimanen er ein av dei største, saman med den store grøne anakondaen som blir enno noko lengre. Nettopp anakondaen er for mange synonymt med Amazonas. Krypdyr kan bli funne i alle biotopar i regnskogen, frå små bekker til dei største elvene og frå gangar i jorda til dei høgaste tretoppane. Krypdyra er ein mykje viktig del av den naturlege balansen, og dei hjelper til å halde nede talet på insekt og andre byttedyr.[59]

Amfibium

Gulbanda pilgiftfrosk (Dendrobates leucomelas)

Den store mengda insekt og det fuktige miljøet utgjer eit utmerka habitat for amfibium. Den samla amfibiumfaunaen i Amazonas tel 427 artar per år 2005.[43]Den høge temperaturen gjer det mogleg for amfibium å vere aktive både dag og natt. Grunna den høge luftfukta er dei ofte ikkje så avhengig av vatn som andre amfibium i meir tempererte soner, og fleire artar lever heile livet sitt i trea.[60] Både froskar og padder blir høyrt veldig oftare enn dei blir sett i regnskogen, og lætet deira utgjer eit høglydt og ubrote kor i skogen.

Blant dei mest visste amfibium i Amazonas høyrer familien Dendrobatidae, pilgiftfroskar. Desse er vanlegvis enormt fargerike og har giftekjertlar på ryggen som dei åtvarar rovdyr for med hjelp av farga. Nett som for så mange andre dyregrupper i Amazonas har berre få amfibiumartar vorte inngåande undersøkte av vitskapen.

Avskoging

Avskoging i delstaten Maranhão i Brasil, 2016
Skogbrann innanfor eit urfolksterritorium, 2017
Avskoging og brannar i Rondônia, 2007

Avskoging er konvertering av skogkledde område til ikkje-skogkledde område. Dei viktigaste kjeldene til avskoging i Amazonas er menneskeleg busetjing og utviklinga av landet.[treng kjelde]I 2022 var omtrent 20 % av regnskogen i Amazonas allereie avskoga og ytterlegare 6 % var «sterkt nedbrote».[61] Forsking tyder på at ved rundt 20–25 % (derav 0–5 % meir) avskoging, når ein vippepunktet som snur økosystemet over til eit ikkje-skogsøkosystem – degradert til savanne – i austlege, sørlege og sentrale Amazonas.[62][63][64] Denne overgangen frå skog til savanne tar fleire tiår framtil skogen er fullstendig fråverande.[61]

Fram mot tidleg på 1960-talet var tilgangen til det indre av skogsområdet i Amazonas svært avgrensa, og skogen heldt stort sett fram med å vere intakt.[65]

På 1970-talet byrja bygginga av den transamazoniske hovudvegen. Denne motorvegen representerte ein stor trussel mot regnskog i Amazonas.[66] Motorvegen er framleis ikkje ferdigstilt, noko som avgrensar miljøskadane.

Mellom 1991 og 2000 auka det totale arealet med skog tapt i Amazonas frå 415 000 til 587 000 km², og det meste av den tapte skogen vart beite for storfe.[67] Sytti prosent av tidlegare skogkledt land i Amazonas, og 91 prosent av land som er avskoga sidan 1970, har vorte brukt til husdyrbeite.[68][69] For tida er Brasil den største globale produsenten av soyabønner. Ny forsking utført av Leydimere Oliveira et al. har likevel vist at jo meir regnskog som er tømd i Amazonas, jo mindre nedbør når området, og jo lågare blir utbytt per hektar. Så trass i den populære oppfatninga, har det ikkje vore nokon økonomisk fordel for Brasil ved å hogge regnskogsoner og gjere desse om til beitemarker.[70]

Mange av dei kontroversielle transportprosjekta som for tida utviklar seg i Amazonas er rettferdiggjort ut frå nye transportbehov skapt av soyaproduksjon. Dei to første motorvegane opna opp regnskogen og førte til auka busetjing og avskoging. Den gjennomsnittlege årlege avskogingsraten frå 2000 til 2005 (22.392 km² per år) var 18 % høgare enn dei førre fem åra.[treng kjelde] Sjølv om avskoginga gjekk mykje ned i det brasilianske Amazonas mellom 2004 og 2014, har det vore ein auke fram til i dag.[71]

Den tidlegare presidenten i Brasil, Jair Bolsonaro, har støtta lempinga av regelverket for jordbruksareal. Han har brukt tida i embetet til å opne opp for meir avskoging og meir utnytting av Amazonas rike naturressursar.

Sidan oppdaginga av reservoar for fossilt brensel i regnskogen i Amazonas har petroleumsverksemda auka jamt, og nådde ein topp i det vestlege Amazonas på 1970-talet og innleidde ein ny boreboom på 2000-talet.[72] Når petroleumsindustrien etablerer verksemda si, opnar dei nye vegar gjennom skogane, noko som ofte bidreg til avskoging i regionen.[73]

Frihandelsavtalen mellom EU og Mercosur, som vil utgjere eit av dei største frihandelsområda i verda, har vorte fordømt av miljøaktivistar og urfolks rettferdskjemparar.[74] Frykta er at avtalen kan føre til meir avskoging av Amazonas-regnskogen ettersom han utvidar marknadstilgangen til brasiliansk storfekjøtt.[75]

Romforskingsinstituttet i Brasil publiserte ein rapport i november 2021 basert på satellittdata, som viste at avskoginga auka med 22 % i 2020 og var på det høgaste nivået sidan 2006.[76][77]

2019 brannar

Det var 72 843 brannar i Brasil i 2019, med meir enn halvparten i Amazonas-regionen.[78][79][80] I august 2019 var det rekordmange brannar.[81] Avskoginga i det brasilianske Amazonas auka med meir enn 88 % i juni 2019 samanlikna med same månad i 2018.[82]

Det auka arealet med brannpåverka skog fall saman med ein lette av miljøreglane frå den brasilianske regjeringa. Spesielt før desse forskriftene vart på plass i 2008 var det brannpåverka området også større samanlikna med reguleringsperioden 2009–2018. Ettersom desse brannane held fram med å bevege seg nærare hjartet av Amazonasbassenget, vil innverknaden deira på det biologiske mangfaldet berre auke i omfang, ettersom det kumulative brannpåverka området er korrelert med talet på artar som er påverka.[38]

Vernetiltak mot tap av biologisk mangfald og mot klimaendringar

Sjå òg Tiltak mot tap av biologisk mangfald i Amazonas-regnskogen 2000-2023.
Flyfoto nær Manaus
Frå Fransk Guyana

Regnskogen i Amazonas er eit kritisk globalt økosystem, som står overfor trugsmål som tap av biologisk mangfald og karbonutslepp, noko som igjen bidreg til klimaendringar. Amazonas står for 10 % av verdas jordbaserte primærproduktivitet og karbonlager, men slepper ut meir klimagassar enn det absorberer i 2021. Klimaendringar og avskoging utgjer ein dobbel samverkande trussel mot regnskogen, med potensielle irreversible skadar.[83]

Avskoging gjev konsekvensar med pågåande utfordringar som inkluderer gjentekne alvorlege tørkeperiodar, aukande skogbrannar og redusert motstandskraft i regnskogen.[84][85][86] Avskogingsratane varierer mellom land, med Brasil som implementerer tiltak for å dempe ulovleg avskoging, og Colombia har lykkast med å redusere avskogingsraten gjennom bevaringsinsentiv.[87]

Vitskaplege studiar framhevar Amazonas kritiske rolle i global klimaregulering, og understrekar behovet for berekraftig praksis. Fjernmålingsteknologi hjelper naturvernarar og urfolksstammar med å overvake og verne regnskogen, medan Verdsbanken gjev framlegg om ein skogvenleg økonomi for å redusere økonomiske tap på grunn av avskoging.[88][89][90]

Det er vist at vernearbeid har gjeve positive resultat, bevart land er nesten tredobla frå 2002 til 2006, noko som resulterte i ein 60 % reduksjon i avskogingsraten. Ei endring av miljøpolitikken i Brasil under president Lula da Silva, har ytterlegare redusert avskoging, trass i utfordringar som alvorleg tørke og klimaendringar.[91]

Juridiske handlingar, som avgjersla til den ecuadorianske domstolen om å stoppe oljeleiting og vern av territoria til urfolk, viser aukande medvit og innsats for å verne Amazonas. Internasjonale samarbeid, slik som forplikting til utvikling av privat sektor av USA og Brasil, og eit bevaringsfond, Amazonasfondet, på USD 100 millionar, tar sikte på å møte dei komplekse utfordringane.[92][93]

Kjelder

Referansar

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Regnskogen i Amazonas