Regionreforma i Noreg

Regionreforma i Noreg er ei reform av fylkesstrukturen i Noreg, der 19 fylke blei erstatta av 11 større regionar. Reforma var eit av dei politiske prosjekta til Regjeringa Solberg, som pågjekk parallelt med kommunereforma i Noreg.

Kart over fylka frå 1. januar 2020 til 31. desember 2023.
Kart over fylka fram til 1. januar 2017.

Fylka Oslo, Rogaland, Møre og Romsdal og Nordland heldt fram uendra. Trøndelag blei oppretta 1. januar 2018 ved å slå saman Sør- og Nord-Trøndelag.

Seks nye fylke blei oppretta med verknad frå 1. januar 2020:[1]

Stortingsvedtak

Ei stortingsmelding som definerte talet på regionar og spesifiserte rolla, strukturen og oppgåvene deira blei lagt fram 5. april 2016.[2] Ei tilhøyrande innstilling blei lagt fram 2. juni 2016,[3] og blei vedteken av Stortinget den 8. juni 2016 med 89 mot 9 stemmer.[4] Ein stortingsproposisjon blei deretter lagt fram 5. april 2017,[5] med ei medfølgjande innstilling den 1. juni 2017. Regionreforma blei endeleg vedteken av Stortinget den 8. juni 2017.

I mai 2018 gjennomførte Finnmark ei folkeavstemming om samanslåing med Troms fylke, der eit fleirtal på 87 % av dei som røysta stemte mot samanslåing (valdeltakinga var på 58 %).[6]

Den 24. september blei Kristeleg Folkeparti og Regjeringa Solberg einige om ein 50-punktsavtale for overføring av oppgåver frå stateg til regionsnivå, og forutsette at fylka om nødvendig, skulle slåast saman med tvang.[7]

Prosessar

  • Det nye Trøndelag fylke blei oppretta gjennom ei sammenslåing av Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag. Den 27. april 2016 møtte dei to fylkestinga opp på Stiklestad. Der vedtok Sør-Trøndelag fylkesting samanslåing av dei to fylka med 41 mot 2 stemmer; Nord-Trøndelag fylkesting gjorde det same med 21 mot 14 stemmer. Samanslåinga av fylka blei einstemmig vedteken av Stortinget den 8. juni 2016,[8] og det nye fylket oppstod 1. januar 2018.
  • Fylkestinga i Vest-Agder og Aust-Agder vedtok våren 2016 at dei ville innleia forhandlingar om ei samanslåing.[9] Aust-Agder fylkesting vedtok samanslåinga den 13. desember 2016 med 19 mot 16 stemmer.[10] Fylkestinget i Vest-Agder vedtok samanslåinga den 14. desember 2016 med 17 mot 3 stemmer.[11]
  • Den 15. september 2016 gjorde Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane ein intensjonsavtale om samanslåing til ein ny Vestlandsregion.[12] Sogn og Fjordane fylkesting vedtok samanslåing den 7. desember med 19 mot 11 stemmer.[13] Rogaland fylkesting stemte einstemmig nei til samanslåing den 13. desember 2016.[14] Hordaland fylkesting vedtok samanslåing med 41 mot 4 stemmer den 14. desember; fylkestinget vedtok også å starte vidare forhandlinger om samanslåing med Sogn og Fjordane og utbrytarkommunar i Rogaland.[15] Desse kommunane var Haugesund, Vindafjord, Karmøy, Tysvær og Bokn.
  • Den 3. november 2016 gjorde dei tre fylka Buskerud, Akershus og Østfold ein intensjonsavtale om samanslåing av dei tre fylka til det nye Viken fylke.[16] Østfold fylkesting behandla saka 7. desember.
  • Stortinget behandla Regionreforma 8. juni 2017 og vedtok følgjande samanslåingar av fylkeskommunar frå 1. januar 2020:[17]
    • Vest-Agder fylkeskommune og Aust-Agder fylkeskommune. (166 mot 2 stemmer)
    • Buskerud fylkeskommune, Akershus fylkeskommune og Østfold fylkeskommune. (96 mot 73 stemmer)
    • Telemark fylkeskommune og Vestfold fylkeskommune. (95 mot 73 stemmer)
    • Oppland fylkeskommune og Hedmark fylkeskommune. (96 mot 73 stemmer)
    • Hordaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune. (96 mot 73 stemmer)
    • Troms fylkeskommune og Finnmark fylkeskommune. (96 mot 73 stemmer)

Reversering

Regjeringa Støre gjekk inn for at dei nyoppretta fylka etter Regionreforma av 2020 kunne søke om å bli splitta opp.[18] I 2022 søkte Vestfold og Telemark, Viken, og Troms og Finnmark å splitte opp fylka etter stor misnøye blant innbyggjarane og nokre politiske parti, med Senterpartiet i spissen.[19][20] Desse fylka blei oppløyste frå 1. januar 2024.[21]

Kjelder

Bakgrunnsstoff