Regionar på New Zealand

Ein region er det øvste nivået av lokalstyrte område på New Zealand. Landet har 16 regionar. Tolv av desse er styrte av eit valt regionstyre (regional council), medan fire er styrte av territorialstyre (territorial authorities) (det nest høgaste nivået av lokalstyre) som også utøver funksjonane til eit regionstyre, og som derfor på New Zealand vert kalla unitary authority (eller einskapleg forvalting), og desse områda er dermed territoriale regionar. Det styrande organet på øygruppa Chatham Islands (Chatham Islands Council) er sett på av mange som ei einskapleg forvalting, men øyene er formelt rekna som ein del av regionen Canterbury. Regiongrensene følgjer for ein stor del distriktsgrensene, men det er fleire unntak: Den sørlege grensa til regionen Auckland går til dømes midt gjennom Franklin District.

Lovgrunnlag

Eit regionstyre er eit av dei regionale råda som er nemnde i Lov om lokalstyre av 2002 (Local Government Act 2002).[1]Lova reknar opp dei ulike regionstyra på New Zealand og kunngjeringane deira i The New Zealand Gazette då dei vart oppretta i 1989.[2] Lokalstyrelova pålegg regionstyra å fremja ei berekraftig utvikling - sosialt, økonomisk, miljømessig og kulturelt, innanfor deira område.[3]

Ansvarsdeling

  • Regionstyresmaktene har det fremste ansvaret for:
  • Territoriale styresmakter har ansvar for:
  • Lokal arealplanlegging (urban og rural planlegging),
  • Utbygging av leidningsnett for til dømes vatn, kloakk og flaumvatn.
  • Handsaming av avfall i fast form.
  • Lokale vegar.
  • Bibliotek.
  • Offentlege friområde og reservat.
  • Utvikling av lokalsamfunn.

Det er ofte ei høg grad av samarbeid mellom regionale og territoriale styresmakter ettersom dei kan ha samanfallande roller.

Finansiering

Eigedomsskattar vert brukte til til å finansiera både regionale og territoriale offentlege oppgåver.

Andre funksjonar

Regionstyra har òg ansvar for ei rekkje andre funksjonar i medhald av lover og vedtekter.[4]

  • Regional skadedyrkontroll etter Lov om biotryggleik av 1993 (Biosecurity Act 1993).[5]
  • Flaum og vassdragskontroll i medhald av Lov om kontroll med jordvern og vassdrag av 1941 ( Soil Conservation and Rivers Control Act 1941).[6]
  • Sivilforsvar i medhald av Sivilforsvarslova av 1990 (Civil Defence Emergency Management Act 1990)[7].
  • Handsaming av farleg avfall i medhald av Lov om fårlege substansar og nye organismar av 1996 (Hazardous Substances and New Organisms Act 1996 (HSNO)).[8]
  • Hamnevesen og sjøtransport i Lov om sjøtransport av 1994 (Maritime Transport Act 1994).[9].
  • Planlegging av offentleg transport etter Transportlova av 1998 (Land Transport Act 1998).[10]
  • Tilsyn og administrasjon av reservat ligg hjå regionstyra i medhald av Lov om reservat av 1977 (Reserves Act 1977).[11]

Regionstyra har også ansvaret for tilsyn med tryggleiken til demningar i medhald av Bygningslova av 2004 (Building Act 2004).[12]

Oversikt over regionane

NorthlandAucklandAucklandAucklandWaikatoBay of PlentyGisborneHawke's BayTaranakiManawatu-WanganuiWellingtonTasmanTasmanNelsonMarlboroughMarlboroughWest CoastWest CoastCanterburyOtagoSouthlandSouthland
Regionar på New Zealand
RegionAdministrasjonsseteFlatevidd (km²)Folketal(2)
1NorthlandWhangarei13 941154 700
2AucklandAuckland16 1401 414 800
3WaikatoHamilton25 598402 200
4Bay of PlentyWhakatane12 447269 900
5Gisborne (1)Gisborne8 35146 000
6Hawke's BayNapier14 164152 700
7TaranakiNew Plymouth7 273107 500
8Manawatu-WanganuiPalmerston North22 215229 200
9WellingtonWellington8 124473 700
10Tasman (1)Richmond9 78646 500
11Nelson (1)Nelson44544 700
12Marlborough (1)Blenheim12 48444 500
13West CoastGreymouth23 00032 300
14CanterburyChristchurch45 845552 800
15OtagoDunedin31 476203 500
16SouthlandInvercargill30 75393 000

(1) Desse områda er Sameinte styresmakter.
(2) Subnational Population Estimates: At 30 June 2008 Arkivert 2009-04-19 ved Wayback Machine. Statistics New Zealand.

Landområde utanfor regionane

Utanfor kysten til New Zealand ligg ei rekkje øyer som ikkje ligg innanfor grensene til nokon bestemt region. Øyene Chatham Islands er ingen region, sjølv om det valde styret der har noko av myndet til eit regionstyre etter Lov om utnytting av miljø- og naturressursar av 1991 (Resource Management Act 1991)[13]. Øygruppene Kermadec Islands og dei subantarktiske øyene som New Zealand krev herredøme over, er tilhaldsstad for nokre få tilsette frå Miljødepartementet. Miljøvernministeren har fått fullmakt til å opptre som eit regionstyre for desse øyene.

Val av region- og territorialstyre

Regionstyra vert valde med tre års mellomrom, enten ved fleirtalsval (partival) eller personval der den røysteføre kan rangera kandidatar frå ulike partilister.

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Referansar

Kjelder

Engelsk Wikipedia om regionar på New Zealand den 9. desember 2007.