Rain av Beatles

Rain
Singel av The Beatles
A-side

Paperback Writer

Språkengelsk
Utgjeve30. mai 1966
Innspelt14. og 16. april 1966
EMI Studios i London
SjangerPsykedelisk rock[1][2]
Lengd2:59
Selskap
KomponistJohn Lennon, Paul McCartney
TekstforfattarJohn Lennon, Paul McCartney
Låtskrivar(ar)Lennon–McCartney
ProdusentGeorge Martin
Britiske Beatles-singlar-kronologi 
«Nowhere Man»
(1966)
Rain«Eleanor Rigby»
(1966)


«Rain» er ein song av det engelske rockebandet The Beatles, først gjeven ut i mai 1966 som B-sida til singelen «Paperback Writer». Begge songane vart spelte inn under innspelinga av albumet Revolver, men ingen av desse er med på albumet. Songen vart skriven av John Lennon og tilskriven Lennon–McCartney. Han har eit rytmespor som er sakka nede, eit døme på manipuleringa som bandet gjorde av lydband på den tida. Over den avsluttande delen vart det nytta baklengs vokal. Singelen markerte første gongen ein reversert lyd vart nytta i ein popsong, sjølv om Beatles brukte same teknikken på Revolver-sporet «Tomorrow Never Knows», som kom ut i august 1966.[3]

Det vart laga tre promofilmar for «Rain».[4]

Medverkande

Medverkande per Ian MacDonald[5]

Kjelder