Radiohead

Radiohead er ei britisk musikkgruppa som vart danna rundt 1989. Gruppa har vore viktig i britisk rock sidan slutten av 90-talet. Medlemane i gruppa heiter Thom Yorke, Ed O'Brien, Jonny Greenwood, Colin Greenwood og Phil Selway. Gruppa kalla seg opphavleg «On a Friday», men tok namnet «Radiohead» etter ein song av Talking Heads.

Medlemmene i Radiohead.

Historie

Radiohead opptrer i California i 2006.
Foto: Matthew Hickey

Gruppa blei verdskjend med debutsingelen «Creep» frå Pablo Honey (1993). Ho opplevde stor popularitet i Storbritannia med andrealbumet The Bends (1995), og i heile verda med den lovprisa OK Computer (1997). In Rainbows (2007) blei gjeve ut digitalt av bandet sjølve. Lyttarar kunne lasta ned songane og betala valfri pris for dei.

Musikken til Radiohead er prega av tydeleg gitarspel, Yorke sin særeigne songstemme med bruk av falsett, og eksperimentering med ulike stilar. Radiohead byrja som rockeband, men er blitt knytt til den rolege musikkstilen triphop. Frå Kid A har gruppa teke til seg påverknader frå elektronisk musikk, krautrock, post-punk og jazz. Tekstane deira tek mellom anna opp moderne framandgjering, særleg på OK Computer.

Utgjevingar

Album

TittelDatoUKUSNO(sjanger)
    1.
Pablo Honey(22. februar 1993)#22#32-Art rock / Indie rock
    2.
The Bends(6. mars 1995)#4#88#32alternativ rock/Art rock
    3.
OK Computer(16. juni 1997)#1#21#4alternativ rock/Art rock
    4.
Kid A(2. oktober 2000)#1#1#2eksperimentell / elektronisk rock / Art rock
    5.
Amnesiac(4. juni 2001)#1#2#1eksperimentell rock / Art rock
    6.
Hail to the Thief(9. juni 2003)#1#3#2alternativ rock / Art rock
    7.
In Rainbows(10. oktober 2007)#1#1#6alternativ rock / Art rock
    8.
The King of Limbs(18. februar 2011)
    9.
A Moon Shaped Pool(8. mai 2016)

EP-ar

  • Itch (1993)
  • My Iron Lung (1994)
  • No Surprises/Running From Demons (1997)
  • Airbag/How Am I Driving? (1998)
  • I Might Be Wrong: Live Recordings (2001)
  • COM LAG (2plus2isfive) (2004)

Singlar

  • Creep (1993)
  • Anyone Can Play Guitar (1993)
  • Stop Whispering (1994)
  • Fake Plastic Trees (1995)
  • Just (1995)
  • Street Spirit (Fade Out) (1995)
  • High And Dry (1996)
  • Paranoid Android (1997)
  • Karma Police (1998)
  • No Surprises (1998)
  • How to Disappear Completely (2000) (berre promo)
  • Idioteque (2000) (berre promo)
  • The National Anthem (2000) (berre promo)
  • Optimistic (2000) (berre promo)
  • Pyramid Song (2001)
  • Knives Out (2001)
  • I Might Be Wrong (2001) (berre promo)
  • There There (2003)
  • Go To Sleep (2003)
  • 2 + 2 = 5 (2003)
  • Jigsaw Falling Into Place (2008)
  • Nude (2008)

Filmar

  • Live at the Astoria (1994) VHS
  • Seven Television Commercials (1997) VHS/DVD
  • Meeting People Is Easy (1999) VHS/DVD
  • 7 Television Commercials (August 5, 2003) DVD

Kjelder

Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.