Rørosbanen

Rørosbanen er den 431 km lange jernbanelinja som går mellom Hamar og Støren gjennom Østerdalen. Rørosbanen vart bygd i perioden 1862–1877 og vart offisielt opna den 13. oktober 1877. Dette gjer han til den eldste jernbanen som bitt saman to landsdelar (stambane) i Noreg. Linja Hamar-Grundset (ved Elverum) vart bygd 1859-1862.

Rørosbanen
Ilseng gamle stasjon
Info
TypeStamlinje
SystemEnkeltspora uelektrifisert bane
UtgangsstasjonHamar stasjon
EndestasjonStøren stasjon
Tal på stasjonar28
Drift
Opna13. oktober 1877
EigarJernbaneverket
Operatør(ar)NSB
Type trafikkPassasjerar og gods
Teknisk
Lengd431 km
Største stigningø 15 ‰ (Løten-Elverum)
max. 16? ‰ (km 386,296 ved Os)
Bruer223
Tunnelar6
Planovergangar476

Linja er knytt til DovrebanenStøren og SolørbanenElverum. Det høgaste punktet er 670 moh., ved Harborg mellom Glåmos og Rugeldalen, noko som ikkje er spesielt høgt til ein stambane å vera. Banen er ikkje elektrifisert.

Historikk

Rørosbanen vart bygd ut etappevis. Den første, Hamar-Grundsetbanen opna alt i 1862, same året som Kongsvingerbanen, og i 1864 opna Trondhjem–Størenbanen. Sjølve Rørosbanen vart bygd i åra 1869-77, i følgende delar: Grundset-Aamotbanen i 1871, Rena-Støren i 1877. Rørosbanen vart opphavleg bygd som smalspora (1067 mm) bane, som var norma i Noreg på denne tida, og bygd om til normalspor (1435 mm) i perioden mellom 1917 og 1941.

Den 4. januar 2000 kolliderte to tog ved Åsta på denne linja, og 19 menneskeliv gjekk tapt. Sjå Åsta-ulykka.

Framtidsplanar

Regjeringen og Jernbaneverket har vurdert framtidige høyfartsbanar i Norge. Eit tysk forskningsinstitutt har utreidd moglege alternativ. Dei tilrår at ein framtidig høyfartsbane Oslo-Trondheim skal gå langs Rørosbanen. Det er lettere å bygge her, det er meir plass i Østerdalen enn i Gudbrandsdalen. Strekninga Elverum-Tynset-Berkåk er den kortaste mellom Oslo-Trondheim. Sjå òg Høgfartsbane i Noreg.[1]

Rørosbanen er foreslått elektrifisert. Strekninga Hamar-Elverum er planlagt elektrifisert som ein del av Nasjonal transportplan 2018-2029 saman med etablering av tilsving til Solørbanen ved Elverum.

Referansar

Bakgrunnsstoff