Puck i idrett

Puck er ei hard, tjukk skive som blir brukt til ein del idrettar, særleg ishockey. Puckar er som regel svarte på farge og laga av gummi.Dei er ofte merka med logoen til eit lag eller serien dei blir brukte i på ei eller begge sider.[1] Pucken blir brukt nokså likt ein ball i ballspel, men sklir på underlaget i staden for å spretta. Før ein ishockeykamp frys ein pucken for å redusera spretting.[1]

Ein standard ishockeypuck

Ein standard ishockeypuck skal vera 7,62 cm (3 tommer) i diameter og 2,54 cm (1 tomme) tjukk. Vekta skal vera innanfor 156–170 g (5,5–6,0 ounces).[2]

I tillegg til i ishockey bruker ein puckar i roller hockey (rulleskøytehockey) og undervasshockey.Liknande skivar eller puckar blir også brukt i sport og spel som novuss, shuffleboard, bord-shuffleboard, boks-hockey og air hockey.

Kjelder