Prvić

Prvić er ei lita øy i Adriahavet ved kysten av Kroatia. Ho er ein del av øygruppa Šibenik, om lag 1 km frå fastlandet nær Vodice. Namnet på øya kjem mogelegvis frå Prvin, namnet på den kroatiske vårguden.[1] Det ligg to landsbyar på øya, Prvić Luka og Šepurine. Ho har eit areal på 2,37 km², og eit folketal på 453 (2001).[2] Det er ingen bilar på øya.[1] Šepurine ligg på vestsida av øya ovanfor Vodice. Prvić Luka ligg i den største vika på søraustsida, og er verna mot nordleg og vestleg vind.[1] Den vidkjende vitskapsmannen Faust Vrančić ligg gravlagd ved Prvić Luka sidan øya var feriestad for familien hans om sommaren.

Prvić
landsbyen Prvić Luka
landsbyen Prvić Luka
Geografi
StadAdriahavet
Koordinatar43.730° N 15.795° E
ØygruppeŠibenik

Areal2,37 km²

Administrasjon
LandKroatia
FylkeZadar

Demografi
Folketal453 (2001)

Kjelder

Bakgrunnsstoff