Provinsen Latina

Provinsen Latina
Nasjon Italia
RegionLazio
HovudstadLatina
Areal2 251 km²
Folketal (2005)519 850
Folketettleik231/km²
Kommunar33
BilnummerLT
Postnummer4100
Retningsnummer (tlf)0773, 06, 0771
PresidentArmando Cusani
Plasseringa til Latina i Italia


Provinsen Latina (italiensk Provincia di Latina) er ein provins i regionen Lazio i Italia. Hovudstaden er byen Latina. Han har eit areal på 2 251 km² og totalt 519 850 innbyggjarar (2005). Det er 33 kommunar i provinsen og dei største av desse er:

KommuneInnbyggjarar
Latina112 533
Aprilia63 265
Terracina42 669
Formia36 822
Fondi35 115
Cisterna di Latina33 108
Sezze22 859
Gaeta21 541
Minturno18 366
Sabaudia17 581
Priverno13 728
Pontinia13 517
Cori10 808
Itri9 238
San Felice Circeo8 212
Sermoneta7 083
Sonnino7 056
Santi Cosma e Damiano6 678
Monte San Biagio6 106

Historie

Provinsen Latina vart grunnlagd 18. desember 1934 og består hovudsakleg av dei opptørka områda i Agro Pontino som tidlegare var ein del av provinsen Roma. Bortsett frå dei pontinske områda inkluderer provinsen Auruncifjella, Monti Lepini og Monti Ausoni, i tillegg til øygruppa Dei pontinske øyane. Hamnebyane Gaeta og Formia, i den sørlegaste delen av provinsen har tradisjonelt og språkleg høyrt til Campania.

Geografi

Sjølv om det er den minste provinsen i Lazio er Latina geografisk og historisk variert.

Fjellområda

Fastlandet består stort sett av kalksteinsåsar og fjell i sør og nordaustlege område. Av fjellkjeder finn ein Lepini, Auruncifjella og Ausoni. Det høgaste fjellet er Monte Petrella (i Aurunci) på 1 533 m. Klima er delvis kontinentalt med varme somrar og kjølige vintrar, men temperaturen fell sjeldan under 0 °C. Fjella har mange små mellomalderbusetnadar (borghi) og har tradisjonelt livnært seg på kvegdrift og jordbruk. I dag pendlar derimot fleire og fleire innbyggjarar til Roma eller Latina. Turisme er ei aukande næring for mange og av attraksjonar finn ein den urørte naturen og klostera Valvisciolo og Fossanova, der Thomas Aquinas døydde. Dei største byane i dette området er Cori, Sezze og Priverno.

Agro Pontino

Agro Pontino dekkjer sletta som strekkjer seg sørover frå Aprilia til Terracina, langs Tyrrenhavet. Fram til 1930-åra bestod dette området av farlege myrområde, som vart drenert under fascistane. Området vart så busett av emigrantar frå nordaustlege delar av Italia i nybygde byar som Sabaudia og sjølve Latina. Klimaet her er mildt. Agro Pontino er den mest økonomisk utvikla delen av provinsen og har ein blømande jordbrukssektor og mange servicefirma og industriar. Her ligg òg mange av vasskjeldene til provinsen, som kystinnsjøane Fogliano, Caprolace og Paola.

Bortsett frå hovudstaden er dei største byane Cisterna di Latina, Terracina og Sabaudia (som er ein viktig feriestad).

Formia og Gaeta

Gaeata og Formia er byar med ei rik historie frå antikken og mellomalderen. Dei var begge ein del av Kongedømet Napoli. Dei høyrte til regionen Campania fram til 1934. Spor etter forskjellige kulturelle miljø kan ein sjå i klesdraktene og den lokale dialekten, som er ein variant av napolitansk. Formia og Gaeta utgjer eit samanhengande storbyområde (med samband til Dei pontinske øyane) og er ein stasjon på jernbanelinja mellom Napoli og Roma. Andre viktig byar i området er Sperlonga og Minturno.

Dei pontinske øyane

For meir om dette emnet, sjå Dei pontinske øyane.

Før i tida vart Dei pontinske øyane nytta som fengsel, men er i dag turistdestinasjonar om sommaren. Dei einaste busette øyane er Ponza og Ventotene

Bakgrunnsstoff

Kjelder