Provinsen Cuneo

Provinsen Cuneo
Fil:Provincia di Cuneo-Stemma.png
Nasjon Italia
RegionPiemonte
HovudstadCuneo
Areal6 903 km²
Folketal (2001)556 359
Folketettleik81/km²
Kommunar250
BilnummerCN
Postnummer12100
Retningsnummer (tlf)171
PresidentRaffaele Costa
Plasseringa til Cuneo i Italia


Provinsen Cuneo (italiensk Provincia di Cuneo) er ein provins i regionen Piemonte i Italia. I vest grensar provinsen til Frankrike og departementa Alpes-Maritimes, Alpes-de-Haute-Provence og Hautes-Alpes i regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur. I nord grensar han til provinsen Torino, i aust til provinsen Asti, i sør til provinsen Savona og provinsen Imperia i Liguria.

Han vart òg kalla Provincia Granda, den store provinsen, fordi han er den tredje største provinsen i landet (etter Bolzano og Foggia). Dette skapte tidlegare problem for innbyggjarane i Alba som måtte reise langt til Cuneo kvar gong dei hadde æren med provinsstyret. Fleire gonger har det vorte gjort framlegg om å dele provinsen i to.

Hovudstaden er byen Cuneo. Han har eit areal på 6 903 km² og totalt 556 359 innbyggjarar (2001). Det er 250 kommunar i provinsen og dei største av desse er:

Kart over provinsen Cunio
KommuneFolketal
Cuneo54 853
Alba30 181
Bra28 890
Fossano24 224
Mondovì22 092
Savigliano20 510
Saluzzo16 244
Borgo San Dalmazzo11 761
Racconigi9 838
Busca9 687
Boves9 536
Cherasco7 633
Barge7 584
Dronero7 127

Bakgrunnsstoff

Kjelder