Prosecco

Prosecco er ein italiensk musserande vin som vanlegvis vert laga på drua glera,[1] som tidlegare var kjend under namnet prosecco.

Ei flaske prosecco med eit vinglas på si.

Verna tittel

Til og med 2008 hadde årgangsprosecco einerett på DOC-merkinga i Italia, men frå 2009 vart dette endra til DOCG.[2] Frå 1. januar 2010 var ikkje nemninga lenger knytt til druetypen, men til ein geografisk indikasjon for produkt frå regionen Veneto stadfesta av EU-regulativ 1166/2009 av 30. november 2009.[3][4][5]

I dag er det mogeleg å selja vinen sin som Prosecco i fleire nærliggande regionar i nordaust Italia.[6]

Spumante er ein annan musserande italiensk vin frå Piemonte-området.

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Prosecco
Denne drikkeartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.