Powertrio

Ein powertrio («krafttrio») er eit rock and roll-bandformat som består av ei besetning av gitar, bass og trommer, og ikkje har med ein andre gitar eller klaverinstrument, noko mange andre musikalske kvartettar eller kvintettar nyttar for å fylle ut lyden med akkordar. Typisk er ein eller fleire av bandmedlemmane songar, men ofte legg powertrioar vekt på den instrumentale framføringa og den totale innverknaden til instrumenta føre vokal og tekst.[1]

The Jimi Hendrix Experience var ein powertrio.

Historie

Powertrioen oppstod i 1960-åra då betre forsterkarar gjorde at både elektrisk gitar og bass kunne spelast med meir volum. Særleg vart den elektriske bassgitaren populær og fylte den djupe enden av lyden og fylte inn tomromma. Sidan den forsterka bassen no kunne ha meir volum, kunne resten av bandet òg spele med høgare volum, utan frykt for å overdøyve bassen. Dette gjorde at tre personar kunne lage like mykje lyd som eit større band, men danna langt meir rom for improvisasjon og kreativitet, utan trong for meir detaljerte arrangement. Som med orgeltrioen, ei souljazzbandformat i 1960-åra som var sentrert rundt forsterka hammondorgel, kunne ei tre mann stor gruppe fylle ein stor bar eller ein klubb med ein stor lyd for ein mykje lågare pris enn større rockeband. Ein powertrio, særleg i bluesrockutgåva, vert ofte rekna for å ha utvikla seg ut frå Chicago-bluesen som trioen til Muddy Waters.

I tillegg til betre teknologi, var den andre drivkrafta til powertrioen virtuositeten til gitaristar som Eric Clapton, Jimi Hendrix og Rory Gallagher, som i røynda kunne fylle både rytmegitar- og sologitarrollene på konsertane sine. I 1964 spelte Frank Zappa gitar i powertrioen The Muthers i lag med Paul Woods på bass og Les Papp på trommer.[2] I 1966 oppstod prototypen på ein bluesrock-powertrio med Cream[3], som bestod av Eric Clapton på gitar/vokal, Jack Bruce på bass/vokal og Ginger Baker på trommer. Andre innverknadsrike bluesrock/hard rock-powertrioar i 1960-åra var The Jimi Hendrix Experience,[4] Blue Cheer, Grand Funk Railroad,[5] The James Gang med Joe Walsh, og Taste.[6] Kjende powertrioar frå 1970-åra var dei kanadiske progressive rockegruppene Rush og Triumph, det amerikanske bandet ZZ Top,[7] det britiske heavy metal-bandet Motörhead, og Robin Trower. Bandet Emerson Lake and Palmer, som hadde ein klaverspelar i staden for gitar, vert òg ofte rekna som ein powertrio[8][9] sidan Keith Emerson fylte rytme- og solorolla på klaverinstrumentet som ein gitarist vanlegvis ville hatt, medan bassisten Greg Lake var vokalisten.

Etter 1970-åra vart det ein tendens til at omgrepet «powertrio» vart nytta om alle tre mann store rockeband. Dette omfatta New Wave-grupper som The Police,[10] grungebandet Nirvana, postpunk-bandet Hüsker Dü, hardrock/progressiv metal-bandet King's X, post-grunge-bandet Silverchair, dei alternative banda The Presidents of the United States of America, Primus og Eve 6, pop-punk-band som Green Day, Blink-182, Alkaline Trio og MxPx, og argentinske rockeband som Soda Stereo og Divididos. I 1990-åra hadde rocketrioane stundom òg anna instrumentering, frå bandet Morphine med barytonsaksofon i staden for elektrisk gitar, til Ben Folds Five som erstatta gitar med forskjellige klaverinstrument, hovudsakleg piano.

Kjelder