Post-rock

Post-rock er ein musikksjanger innan eksperimentell rock,[3] karakterisert av bruken av rockeinstrument til å utforska tekstur og klangfarge heller enn tradisjonelle songstrukturar, akkordar eller riff.[4]Musikken er ofte laga ved hjelp av rockeinstrument i lag med elektronikk,[3] og er ofte instrumental.[5][6][3]

Sjølv om musikkstilen stammar frå indie og underground-scena frå 1980- og tidleg 1990-tal har post-rock-stilen ofte lite til felles musikalsk med samtidig indie-rock, ettersom han skil seg kraftig frå rockekonvensjonane.[6] Silen kan låna inn element frå sjangrar som ambient, krautrock, IDM, jazz, minimalistisk musikk og dub-musikk.[3]

Nokre kjende post-rockgrupper er Sigur Rós, Explosions in the Sky, Mono, Godspeed You! Black Emperor, Stereolab, Maybeshewill, Mogwai, Disco Inferno og Tortoise, med individuelle stilar som kan variera mykje sjølv om dei fleste nytter electrisk gitar og trommer. Derfor har omgrepet vore omdiskutert både blant utøvarar og lyttarar.[7]

Kjelder