Polk Salad Annie

Polk Salad Annie
Singel av Tony Joe White
B-side

Aspen Colorado

Utgjeve1969
Innspelt1968 i Muscle Shoals
SjangerSwamprock
Lengd3:37
SelskapMonument Records
TekstforfattarTony Joe White
Låtskrivar(ar)Tony Joe White
ProdusentBilly Swan
Tony Joe White-kronologi 
«Soul Francisco»
(1969)
Polk Salad Annie«Roosevelt and Ira Lee»
(1969)


«Polk Salad Annie» er ein song frå 1968 av Tony Joe White. Han vart spelt inn i Muscle Shoals. Teksten skildrar ei fattig landsbyjente i Sørstatane i USA og familien hennar. Matretten som songen handlar om, polk salad, vert ofte òg skrive «poke salad» og heiter på norsk kermesbær. Singelen nådde åttandeplassen på singellista i USA i 1969.

Bakgrunn

Singelen, som kom ut i 1969 på Monument Records[1] hadde vore ute i ni månader før han omsider nådde lista. Plateselskapet hadde då avskrive singelen som mislukka. White sa: «Plateselskapet hadde gjeve singelen opp, men folk i Texas heldt fram å kjøpe plata. Så vi sendte meldingar opp til Nashville 'Send oss tusen til denne veka.' Dei sendte oss desse 'Ikkje til sals'-platene, så me måtte sitje der og stryke ut 'Do Not Sell' og sende dei ut til platebutikkane. Alle desse butikkane i Sør-Texas ringte oss stadig og sa 'Me treng fleire' Så me berre fortsette. Til slutt var det ein fyr i L.A. som plukka opp plata og fekk han over dit. Hadde ikkje det skjedd hadde 'Polk' vorte tapt for alltid.»[2]

Andre versjonar

  • Richard «Groove» Holmes gav ut eit konsertopptak i 1970 på albumet Recorded Live at the Lighthouse
  • Clarence Reid gav ut ein versjon i 1969 på albumet Dancin' With Nobody But You Babe
  • Tom Jones gav ut ein versjon av songen i 1970 på albumet Tom, spelt inn i februar 1970[3]
  • Elvis Presley plukka raskt opp songen, som vart mykje spelt på konsertane hans i 1970-åra. Han gav ut songen ved fleire høve Elvis: That's the Way it Is (dokumentarfilm, 1970), On Stage (1970), Elvis: As Recorded At Madison Square Garden (1972) og Elvis Recorded Live on Stage in Memphis (1974, han er ikkje på plata, men vart framført på same konserten som opptaka er henta frå). Tony Joe White skal ha likt Presley si tolking av songen.[4]
  • Los Lonely Boys spelte songen i 2009 på ein EP kalla 1969.
  • Conan O'Brien song ein versjon av songen på hans Legally Prohibited from Being Funny on Television Tour. Han nemner Elvis i songen.
  • Rockabilly-artisten Sleepy LaBeef spelte inn songen på albumet Rockabilly 1977
  • Johnny Hallyday spelte inn songen.
  • Den franske songaren Joe Dassin spelte inn ein versjon av songen på albumet Blue country i 1979
  • Harald Schmidt, ein tysk entertainer, framførte songen i september 2011 på fjernsynsshowet sitt.
  • Nederlandske Mason spelte ein versjon av songen på albumet Wish Me Luck i 1979
  • Songen finst på albumet Playing For Keeps frå 1983 av Big Twist and the Mellow Fellows[5]
  • Tony Joe White og Foo Fighters framførte songen i lag på Late Show With David Letterman den 15. oktober 2014.

Merknad

Sallet er eit gammalt engelsk ord som tyder «kokte grønsaker» og bør ikkje mistolkast som «salad». Faktisk har det vore mange tilfelle av matforgifting på grunn av denne språkfeilen. Plateselskapet kalla songen «salad», medan retten i røynda er ein «sallet».

Kjelder

Bakgrunnsstoff

🔥 Top keywords: HovudsideVerdas landCarles PuigdemontSpesial:SøkSpesial:Siste endringarWikipedia:AtterhaldJonsokKrøllalfaPer PaustAndre verdskrigenBieMidsommarØresundbruaDet norske alfabetetGro Harlem BrundtlandBelgiaMastodontWikipedia:KontaktWikipediaLønnSvartifossIngerid StenvoldNasjonaldyrKleopatraVM i fotball 2022IslandEM i fotball 2024Google MapsTidvasskraftEM i fotball 2021TysklandFrankrikeRusslandNoregTrygve Slagsvold VedumN'Golo KantéJa, vi elsker dette landetEuropaTete Lidbom