Plognebb

art av sporvefuglar

Plognebb (Eulacestoma nigropectus) er ein Oscines+sporvefugl. Han var tidlegare trudd å vere ein medlem av plystrarfamilien, men er nyleg sett inn i sin eigen familie Eulacestomatidae.[1] Han er endemisk for Ny-Guinea.

Plognebb
Plognebb Illustrasjon av John Gerrard Keuleman, 1904
Plognebb
Illustrasjon av John Gerrard Keuleman, 1904
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike:Dyr Animalia
Rekkje:Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje:Virveldyr Vertebrata
Klasse:Fuglar Aves
Orden:Eupasseres
Familie:Kråkefamilien Corvidae
Slekt:Eulacestoma
Art:Plognebb E. nigropectus
Vitskapleg namn
Eulacestoma nigropectus
De Vis, 1894

Skildring

Plognebb er ein liten, ca. 13 - 14 centimeter lang, olivenbrun sporvefugl med eit kraftig, tjukt lateralt samantrykt og kileforma, svart nebb, som brukast til å pløye inn i daude greiner, bork og kvistar i jakta på insektføde. Kjønna er ulike. Hannen har svart underside, svarte venger og ein stor rund rosa hudflik på kinnet. Panna er meir gylden enn resten av hovudet. Hofuglen har olivengrøn fjørdrakt og bleik olivenfarge på undersida. Berre vaksne hannar har hudflikar.

Habitata ligg i skog, ofte med bambus i høgder på mellom 1950 og 2850 moh. i det indre av Ny-Guinea.[2]

Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[3]

Kjelder

Referansar

Bakgrunnsstoff