Per Erik Monsen
norsk politikar
Per Erik Monsen (18. april 1946–16. februar 2008) var ein norsk skulemann og politikar frå Sandefjord, som representerte Framstegspartiet og Vestfold fylke på Stortinget frå 1997 til 2005.
Per Erik Monsen | |||
Fødd | 18. april 1946 | ||
---|---|---|---|
Død | 16. februar 2008 (61 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Framstegspartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Monsen arbeidde ei tid ved Framnes mekaniske verksted i Sandefjord, før han åra 1974-77 utdanna seg på lærarskule. Frå 1978 var han lærar på Fevang skole i heimbyen, til dess han i 1997 vart vald til stortingsrepresentant.
Monsen engasjerte seg i lokalpolitikken frå midt på 1980-talet, mellom anna var han i tolv år nestleiar i bygningsrådet. Frå 1990 til 1997 var han varaordførar i Sandefjord. Ved stortingsvalet 1997 sikra han seg plass på Stortinget frå Vestfold, og vart attvald i 2001. Alle åtte åra på Tinget var han medlem i Finanskomiteen.
Kjelder
🔥 Top keywords: HovudsideVerdas landSpesial:SøkSpesial:Siste endringarØresundbruaNasjonaldyrVM i fotball 2022Det engelske herrelandslaget i fotballIngerid StenvoldAndre verdskrigenNicole KidmanTete LidbomWikipedia30. novemberFjellfolkVM i fotball 1966Wikipedia:KontaktEM i fotball 2004Sigrid HenjumEuropaCristiano RonaldoHotel Union ØyeEM i fotball 2021Det norske alfabetetKarsten WarholmTübingenVictoria av SverigeWikipedia:OmAnne-Sophie MutterSpeleautomatFrankrikeVaniljerotOlympiastadion i BerlinLønnGardasjøenKrøllalfaKnut den mektigeSynne VoHjelmelandsvågen