Pekka Koskela

Pekka Koskela (fødd 29. november 1982) er ein finsk skeiselaupar som har spesialisert seg på sprintdistansane 500- og 1000-meter. I desember 2001 sette han juniorverdsrekord på 500-meter med tida 35.89. Sidan har han etablert seg mellom dei 10–15 beste skeisesprintarane i verda. Han vann bronsemedaljen på 1000-meter i verdsmeisterskapen i enskilddistansar i 2005, og vart nummer 10 på 500-meteren under Vinter-OL 2006 i Torino. Pr. desember 2006 har han vunne 500-meteren tre gonger og 1000-meteren ei gong i Verdscupen i skeisesprint. 10. november 2007 sette han verdsrekord på 1000 meter i Salt Lake City med 1:07.00. Pekka Koskela tevlar for laget Seinäjoen Urheilija.

Pekka Koskela

StatsborgarskapFinland
Fødd29. november 1982 (41 år)
Mänttä
Yrkeskøyteløpar
Pekka Koskela på Commons
Pekka Koskela

Personlege rekordar

DistanseTidÅrStad
500-meter34.632007Salt Lake City
1000-meter1:07.002007Salt Lake City
1500-meter1:51.522002Calgary
3000-meter4:10.392002Collalbo
5000-meter7:35.092000Helsingfors
10000-meter16:30.161999Seinäjoki

Kjelder

Bakgrunnsstoff