Palett

Palett er ei plate som ein kunstmålar brukar til å blande og uttynne fargar.[1] Ein klassisk palett er ei flat, tynn plate, ofte oval på form, med hol for tommelfingeren slik at kunstnaren får fingrane ledige til å samstundes halda penslane som er i bruk.[2][3] Han er laga av lakkert treverk eller kryssfinér.

Palett med oljemåling og penslar.
Foto: Max Wehlte, 2007

Ordet stammar frå det latinske ordet pala som m.a. tydar spadeblad og skulderblad.[4] Paletten er kjent fra renessansen.[5] Ein byrja å bruke paletten på 1400-talet.[1]

Galleri

Referansar

Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.